Om prosjektet
Molja fyr er eit lite ombruksprosjekt med særpreg. Det gamle fyret ligg synleg til ved innseglinga til Ålesund. Interiøret er tilpassa bygget sin nye funksjon som eksklusivt hotellrom knytt til Brosundet Hotel.
ADRESSE
Molja, Molovegen 7, Ålesund
VERNESTATUS
Regionalt verneverdig
PROSJEKTET
Hotel Brosundet i samarbeid med Ålesund havnevesen og Snøhetta
KONTAKT
Hotel Brosundet
Hotellrom med utsikt: Det nye hotellrommet er lite og intimt med utsikt over innseglinga til Ålesund. Foto: Garde Arkitekter/Snøhetta
Signalbygg: Fyret er eit lite signalbygg i Ålesund, plassert lengst ut på moloen som kallast Molja. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Historikk
Molja er det sunnmørske ordet for Molo. Fyret er oppført i 1858, og hadde tidlegare eit lite vaktrom knytt til sjølve lykta. Fyret blei gjort om til fyrlykt og blei ubemanna allereie i 1889. Hotel Brosundet har inngått ein leigeavtale på 99 år med Ålesund kommune og Kystverket.
Baderommet: Badet er plassert i 1. etasje. Trass lite plass har ein klart å få mykje ut av rommet. Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren
Utfordringar og løysingar
Den opphavelege bruken av fyret var ikkje lenger aktuell og bygget hadde lenge stått tomt. Fyret hadde ein del inventar som blei fjerna for å mogleggjere den nye bruken, men inventaret har blitt lagra slik at fyret kan tilbakeførast dersom det blir aktuelt i framtida. Arealet i fyret er knapt, så for å få plass til nødvendige funksjonar har ein bygd eit nytt og spesialtilpassa interiør. Løysinga blei eit lite bad i underetasjen og sengeplassar i overetasjen. Det nye interiøret er utført i tradisjonelle materialar og malt med linoljemaling.
Trapp opp til soverommet: Interiøret er måla med linoljemaling i ein historisk palett. Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren
Læringspunkt
Nye og overraskande funksjonar i historiske bygg gjev spanande opplevingar. Ved hjelp av ein god arkitekt og snikkar kan ein få til spesialtilpassa interiør, sjølv på små og utfordrande areal.
Forfattar: Frida McIntosh, Riksantikvaren