Klimatilpasning

Sikring av Trollstigen mot flaum og skred

Trollstigen
Trollstigen. Trollstigvegen har i fleire hundre år vore viktig for ferdselen mellom Valldal og Åndalsnes i Møre og Romsdal.

Om prosjektet

Hardt ver fører til nedbryting av vegar og vegfar, ved at dei stadig er utsette for vatnrelaterte skadar, skred og telehiv. Klimaendringane vil auke denne påkjenninga.

For å sikre Trollstigen mot flaum, skred og ras er det gjort ei rekke tiltak slik at den spektakulære vegen kan halde fram med å vere ein open og tilgjengeleg veg også i tida framover, med meir forventa ekstremver.

ADRESSE
Trollstigen, Fylkesvei 63

VERNESTATUS
Regionalt verneverdig

PROSJEKTET
Vegeigar Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Nasjonale Turistveier

KONTAKT
Nasjonale Turistveger

Steinsprang
Vanskelige trafikkforhold.

Steinsprang kan ha katastrofale konsekvensar. Foto: Åndalsnes Avis.

Når ein skal bevare Trollstigen må kulturhistoriske verdiar som dimensjonane i hårnålssvingane og trafikale forhold balanserast. Dagleg passerer mange lange kjøretøy, noko som kan by på utfordringar. Foto: Åndalsnes Avis

Historikk

Trollstigvegen har i fleire hundre år vore viktig for ferdselen mellom Valldal og Åndalsnes i Møre og Romsdal. Først som ein sti, og så som rideveg fram til Trollstigvegen blei opna i 1936. Vegen er bygd i eit dramatisk og bratt område og kryssar ein frådande foss med ei steinhvelvsbru. Vegen har til saman 11 hårnålssvingar. Delar av den opphavlege kløvstien er framleis farbar til fots i dei bratte partia opp til Trollstigplatået, og synleg nokre stader mellom Trollstigplatået og Valldal.

Vegen er ein viktig turistattraksjon. Gjennomsnittleg døgntrafikk i den mest populære perioden i juli er meir enn 3000 bilar i døgnet, dei aller fleste midt på dagen.

Anleggsarbeid
Skredsikring med nett. I fjellsida aust for Trollstigplatået er det sikra med 5000 m2 ubåtnett, som er eit kraftig stålnett, i perioden 1998-2000. Røynsler er henta blant anna frå tilsvarande sikringsarbeid i Alpene. Dette senka omfanget av daglege steinsprang betydeleg, og nettet er framleis i funksjon. Foto: Åndalsnes Avis

Utfordringane og løysinga

Vegar og veganlegg har alltid hatt store vedlikehaldsbehov. Hyppigare ekstremver som følge av klimaendringar vil gi ekstra utfordringar i framtida.

Trollstigen har vore svært utsett for skred, både på grunn av is og store snøfonner som må smelte eller rase før vegen kan opnast for sumarsesongen, og på grunn av steinskred og kraftig nedbør. I august 2003 gjekk elva oppe på Trollstigplatået ut over breddene sine og tok vegen som flomveg. Ei rekke tiltak er derfor allereie testa ut og gjennomført i fleire omgangar. På grunn av meirbelastingar som følge av auka nedbør og temperatursvingingar var det naudsynt å verksette ytterlegare tiltak.

Ei særskild utfordring på vegstrekninga som har hatt innverknad på tiltaka, er omfanget av turistbussar. Tryggleik er det viktigaste, fordi alternativet kan vere ei permanent stenging av vegen dersom risikoen for fatale skadar er høg. På grunn av Trollstigens kulturhistoriske verdiar er det også lagt vekt på å halde ved lag inntrykket av vegen slik han var, i den opphavlege vegtraséen og med stabbesteinar.

Jamleg gjer dei vedlikehaldsarbeid på Trollstigen, med fire hovudtiltak som er særleg klimarelevante:

1. Skredsikring med nett
I fjellsida aust for Trollstigplatået er det sikra med 5000 m2 ubåtnett, som er eit kraftig stålnett, i perioden 1998-2000. Røynsler er henta blant anna frå tilsvarande sikringsarbeid i Alpene. Dette senka omfanget av daglege steinsprang betydeleg, og nettet er framleis i funksjon.

2. Omlegging av trasé
Eit parti var særleg utsett for gjentakande store steinskred – ned mot den såkalla grustaksvingen. Etter eit større ras i 2005 blei det bestemt at vegtraseen måtte leggast om og bort frå dette partiet. Dette arbeidet blei sluttført i 2006 og vart vellykka i den forstand at det framleis rasar i den same skredbanen utan at dette lenger skadar vegen eller utgjer ein risiko for trafikantane. Da traseen blei lagt om har det vore eit særskilt poeng at dei store turistbussane kan forsere svingane.

3. Elveforebygging på Trollstigplatået:
For å hindre at vatnet følger vegen når det er store nødbørsmengder, er det ved Trollstigplatået sprengt ei større opning for elveløpet i tillegg til at det er etablert ledemurar som leder vatnet unna vegen.

4. Stikkrenner og grøfter:
Det er naudsynt å følge opp at stikkerennene er opne og har tilstrekkeleg kapasitet. I samband med vegomlegginga i 2006 bleo også kapasiteten på stikkrenner auka på dei partia som blei utbetra.

Omfanget av stenging som følge av flaum, skred og steinsprang er redusert etter dei siste større utbetringane av strekninga. Kombinasjonen av ubåtnett og vegomlegging har vore til stor nytte og har betra tryggleiken i Trollstigen. Det er gjort vurderingar knytta til tryggleik for trafikantar, tilgjengelege metodar og økonomi, samtidig som ein har ønska å ta vare på kulturhistoriske verdiar som for eksempel å halde seg til den opphavlege vegtraseen. Det siste omsynet var viktig i samband med utviding av hårnålssvingane, der man ønska seg ei utviding som var knappast mogleg.

Vidare framover vil ein arbeide med metodar for overvaking av klimaforhold som nedbør og temperatur, og kopling til førekomst av skred og steinsprang for at ein i større grad skal kunne forutseie eventuelle framtidige hendingar.

Trollstigen, omlegginga av vegen i 2006.

Omlegging av trasé. Da traséen blei lagt om har det vore eit særskilt poeng at dei store turistbussane kan forsere svingane. Foto: SVV

Læringspunkt

Med eit endra klima kan det vere naudsynt å supplere eksisterande vegsikring med nye tiltak. Ved å vere løysingsorientert og utføre avbøtande tiltak unngår ein at den historisk viktige vegen må stengast eller leggast om.

 

Forfattar: Multiconsult