Om prosjektet
Hol gamle kyrkjestad er eit markant innslag i Hol sentrum. Bekken Skriu renn like forbi kulturmiljøet. Bekken har tidlegere hatt for liten kapasitet ved flom, og har fleire gonger gått over breddene sine. For å sikre kyrkjestaden og området rundt er bekken flomsikra gjennom ulike tiltak.
ADRESSE
Ålmannvegen 2, 3576 Hol, Viken (Buskerud)
VERNESTATUS
Automatisk freda
PROSJEKTET
Hol kommune i samarbeid med NVE og LARK Thormod Sikkeland
KONTAKT
Hol kommune
Flaumsikring av Skriubekken ved Hol gamle kyrkjestad. Ein har forsøkt å gi botnen ei mest mulig naturleg utforming, og sidene er i hovudsak sikra med murar i naturstein. Foto: Multiconsult
Murane har fått ei tilnærma handverksmessig utforming med stor vekt på detaljar som er tilpassa landskapet og omgjevnadane. Sikringa er utført med både fyllmasse fra staden og stein som er tilført. Den nye brua ved Klokkarjordet erstatta ein tidlegere kulvert. Foto: NVE
Historikk
Hol gamle kyrkje har antatt opphav frå 1200- talet. Opphavleg var heile kyrkja bygd i ein stavkonstruksjon, og antakeleg var ho ganske lita. Kyrkja har blitt bygd på og bygd om i fleire omgangar, og i dag er berre skipet bevart av den opphavlege kirka. Kyrkja står på middelaldersk kyrkjegard som også er freda.
Utfordringane og løysinga
I mindre og bratte elver og bekkar som reagerer raskt på nedbør er det venta at kraftig regn vil skape større problem i framtida. I nokre tilfelle kan vatnet brått ta nye vegar utanfor det etablerte elveløpet, særlig hvis det er innsnevringar som følge av for eksempel bruer eller kulvertar. Faren for skade ved flaum vil variere med vanndjupna og farten, og om det er erosjon og massetransport i vassdraget.
Bekken Skriu har for liten kapasitet i periodar med intens nedbør, og det har tidlegere oppstått skadeflaumar i området når bekken har gått over breddene sine. I skadeflaumane i 2004 og 2005 gjekk bekken over breddene sine. Kirka og kirkebakken var trua av flaumen og delar av kyrkjegarden blei ståande under vatn. Kulvertane i bekken var ikkje dimensjonerte for ei slik vannføring, og muren langs bekkestrekninga ved kirkebakken blei erodert bort. For å redusere framtidig fare for flaum ved kyrkja var det behov for å gjere sikringstiltak i bekken.
Sikringstiltaket omfatta utviding av sjølve bekken og ombygging av tre kulvertar til bruer, med formålet å utbetre svake og trange punkt i elveløpet. Bekken er så bratt at det har vore naudsynt å sikre både botn og sider, for å redusere risikoen for erosjon. EIn har forsøkt å gi botnen ei naturleg utforming, og sidene er i hovudsak sikra med natursteinsmurar.
Det var eit kvalitetsmål i planlegginga at tiltak i Skriu skulle tåle, visuelt sett, å stå nær Hol gamle kirke. I både planlegging og gjennomføring av arbeidet var det tett dialog mellom landskapsarkitekt, planleggar og utførande. Basert på biletedokumentasjon og historie vurderte landskapsarkitekten blant anna korleis flaumsikringa kunne formast på ein måte som varetok noko av funksjonen som den gamle kirkebakken hadde.
Læringspunkt
For å vareta kulturminnet må ein også sjå på kva som ligg i kulturmiljøet rundt. Å gjere ei risikovurdering av dei klimatiske forholda er viktig for å sikre kulturminna på ein god måte.