Om prosjektet
Toskedalsstova som hadde lege lagra på ein låve i lang tid vart datert til 1597. Det vart sett i gang eit prosjekt for å gjenreise bygningen. Ei slik gjenreising har stor verdi for å vedlikehalde kompetanse hjå tradisjonshandverkarar, og for formidling om korleis menneske levde i Vaksdal på slutten av 1500-talet.
ADRESSE
Velomstunet, Toskedalsvegen 1106, Vaksdal
VERNESTATUS
Fredingssak er i gang
PROSJEKTET
Vestnorsk Kulturakademi
KONTAKT
Vestland fylkeskommune
Toskedalsstova er ikkje så stor, og laftet vart lagra på ein låve i mange år. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Velomstunet har utvikla seg over tid og nye bygg har kome til. Da røykstova skulle settast opp att var det ikkje plass på den opphavlege tufta, og ein fann ei ny plassering tett på tunet. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Toskedalstova er ei røykstove som vart demontert i 1962, og har vore lagra på låven på garden etter det. Dendrokronologisk undersøking har avklart at røykstova har bygningsdelar frå 1596, eller kort tid etter. Grunnen til at ein har trudd at røykstova var svært gamal var dei grove dimensjonane på stokkane, og måten dei var forma på. Stokkane er hogne til rundoval form, og medfara, spora mellom stokkane, er laga med spesialverktøyet grøypekniv.
Røykstovene hadde røykomn mura av steinar som magasinerte varmen godt. Dei hadde ikkje pipe. På denne måten nyttiggjorde ein seg av all varmen frå røyken før han vart slept ut, enten gjennom ei ljore i taket eller gjennom luker i veggane.
Inngangsdøra på Toskedalsstova. Foto: Trond Isaksen
Utfordringer og løsning
I samband med dateringa av stova vart det laga ein detaljert tilstandsrapport over alle bygningsdelane, slik at ein kunne sjå kva som måtte erstattast ved gjenreisinga. Bygningsdelar som ikkje var moglege å bruka om att er erstatta med kopiar utført i tilsvarande materialkvalitet og tilverka med same handverksteknikkar. Det vart brukt lokale materialar så langt det let seg gjera. Det meste av laftestokkane er opphavlege og godt bevarte. Det er spunsa inn noko nytt material rundt der røykomnen stod, og botnsvillane måtte lagast nye. Den eine takflata måtte òg skiftast ut, samt eit bord i døra.
Einskilde tilpassingar er gjort for å forsinka behovet for vedlikehald. Den opphavlege stova hadde eit never- og torvtak. Eit slikt tak treng kontinuerleg tilsyn og godt vedlikehald. På Toskedalsstova har ein valt å legge knotteplast mellom never og torv for å forlenge levetida til taket. Avgjerda er basert på at bygningen ikkje kjem til å vera i bruk og at han dermed ikkje vil ha jamleg tilsyn slik at eventuelle utglidingar av tekkinga og lekkasjar lett kan oppdagast.
Det vart lagt panel over lafteveggane på den bakre gavlveggen, og ein svalgang som går langs den eine langsida. Dette vart gjort fordi dette er dei to mest verutsette sidene. Historia til svalgangen er noko uklår, men han er forsøkt rekonstruert så korrekt som mogleg basert på sperrehakka som synte plassering for svala si takkonstruksjon. Det er kjend at det var ein utedo plassert bak stova, så det var truleg ein passasje til doen på baksida. For å bevare opplevingsverdiane knytt til den opphavlege konstruksjonen er dei to andre fasadane bevart slik dei var på byggetidspunktet.
Inne i stova er eit tradisjonelt interiør rekonstruert med veggfaste benkar, bord, røykomn og stampa jordgolv. Dei opphavlege overflatene er lette å skilja ut ettersom dei er sverta av sot og røyk.
Læringspunkt
- Sikker datering av ein bygning kan gi ny kunnskap om byggemåtar og uttrykk, i tillegg kan det avgjera om ein bygning skal fredast.
- Gjenoppføring av bygningar gir tradisjonshandverkarar ein heilt annan moglegheit for læring enn når ein berre gjer reparasjonar.
- Tiltak for klimatilpassing ved å legge panel på dei mest verutsette veggane.
- Forlenging av vedlikehaldsintervall ved å legge knotteplast under torvtaket i staden for never.
Mistanke om at stova var gamal var mykje på grunn av stokkane sine grove dimensjonar og handverksspor i tømmeret. Foto: Trond Isaksen