Energieffektivisering

Vedfyrt vassboren varme gir god oppvarming av gardsbygning

Foto: Josefine Westre, Riksantikvaren

Om prosjektet

På ein gard er gjerne tilgangen på ved god. Likevel finst både meir og mindre effektive måtar å nyttiggjera seg varmen frå veden på. På Elstad i Ringebu er vedfyringa kopla til eit effektivt og fleksibelt system for vassboren golvvarme.

ADRESSE
Elstadgeilen 42, Ringebu

VERNESTATUS
Ingen formell vernestatus

PROSJEKTET
Eigar, Murmester Halvorsen

KONTAKT
Privat eige

Sveitsarhuset frå 1904 er hovudbygningen på garden, og rommar ein familie på fem. Foto: Josefine Westre, RIksantikvaren.

Peisinnsatsen ser ut som andre, men har i tillegg vasskappe i muren over. Til høgre for omnen kan ein sjå styringspanel for golvvarmen. Foto: Josefine Westre, Riksantikvaren.

Historikk

Elstad er ein eldre gard, kor ein mellom anna har funne dyrkingsspor frå eldre jernalder og ei hustuft frå førreformatorisk tid. I dag er bygningane i tunet stort sett frå 1800- og 1900-talet, men det står òg to stabbur frå 1700-talet. På 1700- og 1800-talet fungerte garden som skysstasjon og gjestgivargard. Sjølv om garden ikkje har noko formelt vern, er han eit historisk kulturmiljø med eldre bygningar som ligg godt synleg.

Garden ligg i ei dalside. Like på oversida passerer Pilegrimsleden, som går langs den gamle Kongevegen, og ikkje langt unna ligg Ringebu stavkyrkje. I tilknyting til garden ligg òg ein campingplass, som er familiedrive og har vore ein del av næringa på garden sidan 1958.

Sveitserhuset som i dag er hovudbygningen på garden, vart bygd i 1904. Det har skjedd mindre ombyggingar ved tidlegare eigarskifte.

Vassboren golvvarme fungerer godt både med tregolv og fliser. Foto: Josefine Westre, Riksantikvaren.

Utfordringar og løysing

Dagens eigarar tok over garden i 2015. Det var behov for å setta i stand hovudbygningen noko. Mellom anna måtte golv mellom kjellar og fyrste etasje vølast og isolerast. Når dei likevel måtte ta opp golvet, var det naturleg å legge vassboren varme her. Når ein legg golvvarme er det i alle høve ein stor fordel at det er isolert godt på undersida. Golvvarmen i fyrste etasje er tilstrekkeleg til at dei sjeldan treng tilleggsvarme i andre og tredje etasje.

Som varmekjelde fall valet på vedomn med varmekappe, sidan dei har god tilgang på ved på garden. Denne omnen er ein moderne peisinnsats lik mange andre, men han har i tillegg vasskappe. Vatnet blir her varma og går inn i ein akkumulatortank, som regulerer og fordeler vatnet vidare til golvvarme og forbruksvatn. Golvvarmen blir automatisk prioritert, medan eventuell overskottsvarme går til førevarming av varmvatn til forbruk. Romma i første etasje er delte inn i forskjellege kursar, som har kvar sin termostat. Slik kan ein justere varmen individuelt i kvart rom.

Peisomnen på kjøkkenet er konstruert slik at berre 30 % av varmen går ut i rommet, medan 70 % går til akkumulatortanken. Difor er det lettare å fyre i peisomnen utan at det blir for varmt på kjøkkenet. Løysinga er slik ein veldig fin måte å fordele varmen frå vedfyring til større delar av huset, og med betre fordeling gjennom døgnet.

Rett dimensjonering av akkumulatortank sett opp mot effekt på omnen og oppvarmingsbehov er viktig. Vatnet til golvvarmen kan òg varmast med straum. Dette er aktuelt særleg på våren og i sommarhalvåret, då ein ikkje har så stort behov for vedfyring. I denne perioden er det god straumproduksjon frå solcelleanlegget, som dei òg har installert på garden.

Eit slik anlegg har sine fordelar og ulemper. Investeringskostnaden er vesentleg, men vart i dette tilfellet redusert ein del ved at golva likevel skulle leggast om, og at eigar sjølv gjorde mykje av monteringsarbeidet. Om tilgangen til ved er god, må likevel arbeidet med veden gjerast. Eigaren trekk fram fordelar som at anlegget er fleksibelt, driftssikkert og krev lite oppfølging.

Dei tekniske installasjonane er plasserte i kjellaren: varmtvasstank, sirkulasjonspumpe og akkumulatortank. Foto: Josefine Westre, Riksantikvaren

Læringspunkter

  • Gunstigare å legge vassboren golvvarme når eit golv likevel må leggast om og isolerast.
  • Nyttar god tilgang på ved til å gi jamn oppvarming av eldre gardsbygning.
  • Fleksibel løysing som gir moglegheiter for sonedeling av oppvarminga, og kan supplerast med andre energikjelder.

Tilveksten er større enn hogsten. I tunet har dei lagra ved i både stablar og storsekkar, og er godt rusta for neste vinter (og sikkert meir). Foto: Josefine Westre

Lignende eksempler