Næring

Teknisk godkjende kafélokale utan store inngrep

Foto: Felix Nyberg/Forsvarsbygg

Om prosjektet

I sommarbyen Stavern ligg attraksjonen Fredriksvern verft, med kafé i det gamle Sjaluppskuret. Då bygningen skulle bruksendrast for å bli betre tilpassa kafédrifta, gjorde ein så få tiltak som mogleg. Likevel utløyste endringane behov for bruksendring, og dermed alle tekniske krav i TEK17. Ved hjelp av god dokumentasjon vart søknad om unntak for einskilde krav godkjent. Dei tiltaka som var naudsynte å gjennomføra, vart gjorde på ein enkel måte som samsvarte godt med dei kulturhistoriske verdiane i bygningen.

ADRESSE
Fredriksvern verft 11, Stavern

VERNESTATUS
Forskriftsfreda

PROSJEKTET
Forsvarsbygg, Helge Klyve AS, Riksantikvaren

KONTAKT
Forsvarsbygg

Kafeen har flott utsikt over kanalen. Tilpassingane i bygningen gjorde at ein fekk fleire sitteplassar under tak. Foto: Felix Nyberg/Forsvarsbygg

Kjøkkenet vart bygd som ein enkel treboks som ikkje rører ved dei gamle konstruksjonane. Foto: Felix Nyberg/Forsvarsbygg

Historikk

Fredriksvern verft i Stavern er eit fortifisert orlogsverft som stod ferdig i 1758. Anlegget omfattar i alt 26 bygningar, kor 16 av dei er frå 1700-talet. Etter 1814 vart det hovudstasjon for den norske flåten. Anlegget står fram som eit av dei best og mest heilskaplege bevarte militære anlegga frå barokken i Danmark-Noreg.

Ei rekke element frå den opphavlege utbygginga er bevart. Medan murbygningane ved verftet langt på veg er intakte, har mange av dei eldre trebygningane gått tapt. Rekka med fem galeiskur og sjaluppskuret er ein viktig del av trebygningane som er att i kulturmiljøet.

Sjaluppskuret vart bygd i 1755. Her vart sjaluppar, altså mellomstore robåtar for persontransport til og frå orlogsskipa, lagra og reparerte. I tillegg hadde bygningen spanteloft, for produksjon av spant til båtskroga.

Hovudkonstruksjonen er ein berande bindingsverkskonstruksjon i ein etasje, med eit stort loft over. Taket er eit stort, valma sperretak med i alt 11 takopplett for lysinnslepp på spanteloftet. Opphavleg har bygningen hatt pælar som fundament. I 1980 var delar av bygningen på veg ut i kanalen, og det vart difor støypt betongdekke under den nordre halvdelen.

Bygningen vart freda i 2011, som del av kulturmiljøet Fredriksvern verft, og er omfatta av Landsverneplan for Forsvaret.

Nedst til høgre i bildet kan ein sjå noko av det gamle, skrå tregolvet som var brukt for å trekke opp sjaluppane. Det vart vanskeleg å møblere på eit slikt golv, og det vart difor lagt eit varegolv over for å rette opp. Dette beskyttar samstundes det gamle golvet. Foto: Felix Nyberg/Forsvarsbygg

Utfordringer og løsning

Forsvarsbygg ønskte å etablere ein større kafé på Fredriksvern, med fleire sitteplassar og godkjende lokale for matlaging. Dei planlagde tilpassingane av Sjaluppskuret utløyste behov for ei bruksendring, som gjorde det naudsynt med byggjesøknad og med det vurdering av mange forskriftskrav.

Noko av det mest sentrale var å få på plass eit kjøkken som kunne bli godkjend av Mattilsynet. Då treng ein mellom anna hygieniske overflater, og løysinga vart å bygge eit rom i rommet. Kjøkkenet er bygd som ein frittståande, enkel trekonstruksjon på delar av betonggolvet, med trekledning utvendig.

Med krav om brannsikkerheit var det naudsynt å laga eit brannskilje mellom kafeen og resten av bygningen, kor det òg finst eit galleri og lager. Brannskiljet er utført som ein lett konstruksjon fylt med steinull og kledd med treplater, og er ført vidare heilt opp på loftet. Kafeen og galleriet har felles inngang. Difor er òg inngangspartiet bygd som ei eiga branncelle. Bygningen er i tillegg sprinkla.

Plan- og bygningsloven § 31-4 gir kommunane moglegheit til å godkjenne unntak frå tekniske krav når det søkast om tiltak på eksisterande, og særleg verneverdige bygningar. I dette høvet vart det søkt om unntak frå energikrav og krav til inneklima. Å isolere bygningen og montere ventilasjonsanlegg ville redusert kulturminneverdiane. Samstundes var det enkelt å dokumentere at desse krava var lite relevante. Kafeen er berre open i sommarhalvåret og skal ikkje varmast opp. Å for eksempel isolere skuret ville svekt kulturminneverdiane betrakteleg. Mykje av attraksjonen ligg i å oppleve skuret slik det er, med opne dører ut mot kanalen.

Det vart òg søkt om unntak frå krav om universell utforming, fordi ein i oppstarten av prosjektet var usikker på korleis det kunne bli løyst. Forsvarsbygg ønskte i utgangspunktet ikkje å vike frå desse krava. Undervegs i prosessen vart denne utfordringa løyst ved å legge hovudinngangen til ein annan port som ligg i flukt med bakkenivå. Det er òg mogleg å koma til kafeen via den utvendige brygga, og ei innvendig rampe jamnar ut nivåskilnadene i bygningen.

Tekniske krav som er sett for å ta vare på liv og helse, som for eksempel brannsikkerheit og konstruksjonssikkerheit vil normalt vera absolutte, og ein vil sjeldan få unntak frå desse. Dei gamle konstruksjonane i skuret oppfyller ikkje dagens krav til dimensjonering og eigenskapar, og med det krava til konstruksjonssikkerheit. Forsvarsbygg kjende seg likevel trygge på konstruksjonssikkerheita til bygningen, som har snart 270 års funksjonstid utan å ha gitt etter for varierande snølaster og liknande. Dei har sjølv utført tilstandsundersøkingar, og kan dokumenterte at konstruksjonen er i god teknisk stand. Dei valde difor å søke om å ikkje ansvarsbelegge fagområdet, og står sjølv ansvarlege for konstruksjonssikkerheita.

Bruksendringa av Sjaluppskuret er eit godt eksempel på det å tilpasse bruken til bygningen, og ikkje omvendt. På denne måten kan ein greie seg med små tiltak og lite inngrep. Dette er både enklare å gjennomføre, samstundes som det gir ei betre oppleving av det godt bevarte anlegget.

Brannskilje mot galleriet, felles inngangsparti og eit lite lager vart bygd i enkle trekonstruksjonar. Ein sjalupp står utstilt i lokalet, for å gi både historisk kontekst og stemning. Foto: Felix Nyberg/Forsvarsbygg

Spanteloftet står fram som eit sjeldan rom, med det som truleg er opphavlege golv, mange lysinnfall og store sperrekonstruksjonar. Rommet er ikkje normalt tilgjengeleg for publikum grunna vanskeleg tilkomst og låg høgde under hanebjelkane. Her ser ein brannskiljet som er ført heilt opp til taket. Det er laga ei inspeksjonsluke med branndør. Foto: Felix Nyberg/Forsvarsbygg

Læringspunkt

  • Bruken er tilpassa føresetnadene til bygningen, slik at ein ikkje treng å gjera store inngrep.
  • Ein frittståande konstruksjon som ikkje rører ved gamle bygningsdelar løyste utfordringa med krav om hygienisk kjøkken.
  • Plan- og bygningsloven § 31-4 si opning for å få godkjend unntak frå tekniske krav i eksisterande bygningar vart brukt for å få eit prosjekt som harmonerte med bygningen og den faktiske bruken.

Liknande eksempler