Brannsikring

Brannsikring ved hjelp av skreddarsaum

Foto: Privat eigar

Om prosjektet

Da sidebygningen på tunet skulle settast i stand, ønskte eigaren å leggje til rette for utleige. Da vart brannkrav knytt til avstand mellom stovehuset og sidebygningen ei utfordring. Dette vart løyst med eit godt tilpassa brannkonsept, der mellom anna seriekopla brannvarsling var ein viktig del av løysinga.

ADRESSE
Kyrkjegata, Ørsta

VERNESTATUS
Gul SEFRAK, regulert til bevaring

PROSJEKTET

KONTAKT
Privat eigar

Før: Det var mykje å ta tak i da dei nye eigarane tok over bygningen. Foto: Privat eigar

Kort avstand mellom bygningene: Stovehuset og sidebygningen står berre fire meter frå kvarandre. Sidebygningen har moglegheiter for rømming frå vindauge i andre etasje, og to dører i fyrste etasje. Foto: Privat eigar

Historikk

Både stovehuset og sidebygningen på eigedomen er oppført i 1875 og er blant dei eldste bygningane innanfor området i Kyrkjegata som er regulert til bevaring. Staden har ei rik historie som bustad, tett knytt til handel, handverk, trykkeri og servering.

Stovehus og sidebygning utgjer eit viktig bidrag til det lokale kulturmiljøet. Bygningane har stiltrekk frå seinempire. Sidebygningen går under namnet «Butikken», og har hatt utsal, verkstader og lager innanfor ei rekke ulike bransjar. Mot Kyrkjegata har bygningen eit stort butikkvindauge og dør, tydeleg tilpassa butikkfunksjonen. Desse er sett inn nokre tiår etter at bygningen vart oppført.

Trapp: Trappa til andre etasje ligg nær den eine utgangsdøra, som bidreg til kortare rømmingstid. Foto: Pivat eigar

Utfordringer og løsning

Bygningen var sterkt prega av forfall, og det vart sett i gang eit bevaringsprosjekt som fekk stønad frå Kulturminnefondet. For at det skulle svara seg økonomisk å setta i stand, og vidare ta vare på sidebygningen, ønskte eigaren å legge til rette for utleige. Dette innebar at sidebygningen måtte bruksendrast til bustadføremål, og at stovebygningen og sidebygningen vart to ulike bueiningar. Da blir tekniske krav knytt til mellom anna brannsikkerheit gjeldande, og det baud på nokre utfordringar fordi bygningane står mindre enn 8 meter frå kvarande.

Den preaksepterte løysinga i eit slikt tilfelle ville vera å auke brannmotstand på vindauge og veggar. Denne løysinga vart undersøkt og vurdert, men var ikkje ønskjeleg fordi det ville vera veldig inngripande i bygningane, med konsekvensar både økonomisk og for kulturminneverdiane.

Ein brannrådgivar utarbeidde brannkonsept tilpassa denne bygningen, og løysinga vart langt enklare. Det vart gjort berekningar av rømmingstid, og prosjektert mindre tiltak for å sikra direkte rømming frå begge etasjane. Med den tilgjengelege rømmingstida vurderte brannrådgivaren at dersom ein hadde seriekopla brannvarsling i begge bygningane, ville det vera tilstrekkeleg for å oppfylla krava til brannsikkerheit.

Bygningen oppfyller nå alle krav i TEK 17 som går på sikkerheit. Det vart søkt om og gitt unntak for einskilde andre krav med medhald i plan- og bygningslova § 31-4, som tilgjengelegheit og energiforbruk. I følgje plan- og bygningslova er det obligatorisk å oppfylla dei tekniske krava som går på sikkerheit, og det er her lagt vekt på å få til dette utan å gå på akkord med verdiane i den kulturhistoriske bygningen. Ny bruk er oppnådd ved å tenka analytisk og kreativt, og sjå på intensjonane i krava heller enn å gå rett til dei preaksepterte løysingane.

Limtrebjelke: Det er montert ein limtrebjelke i golvet i andre etasje for å ivareta konstruksjonssikkerheit ved ein eventuell brann. Han er integrert inn i innreiinga ved å bygga seng og lagringsplass i tilknyting til bjelken. Foto: Privat eigar

Vindauge: Vindauge er isolerte innvendig med Optoglass som er montert direkte i vindaugsramma. Vindaugsposten er kappa av oppe og nede og festa i den eine vindaugsramma. Når ein opnar den enkle låsen oppe og nede kan båe rammene svingast ut, og vindauget kan brukast som rømmingsveg. Foto: Privat eigar

Læringspunkter

  • Finna ein brannrådigvar som har både kompetanse og vilje til å skreddarsy brannkonsept for kulturhistoriske bygningar for å kunna finna alternative, tilpassa løysingar.
  • Sikring av tilstrekkelege rømmingsvegar og berekningar av rømmingstid kombinert med seriekopla brannvarsling, gjorde at ein oppfylte krav til brannsikkerheit mellom to bueiningar med under 8 meters avstand.

Lignende eksempler