Om prosjektet
Under arbeidet med ny hovudinnkøyring til Hydroparken på Notodden blei fleire omkringliggande bygg rehabilitert. Gamle skadar blei reparert med bruk av tradisjonelle metodar.
ADRESSE
Hydroparken, Notodden
VERNESTATUS
Vedtaksfreda, UNESCO verdsarv
PROSJEKTET
Bryn-Eiendom AS, Ruben Krokstrand, Murmester Espedalen
KONTAKT
Verdsarvkoordinator Notodden Kommune
Dei lause sementfugene og pussen er fjerna. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Historikk
Hydroparken på Notodden er eit forsøksanlegg frå starten av den elektrokjemiske industrien i Noreg. Det første pionerarbeidet knytt til industriell framstilling av kunstgjødsel gjekk føre seg her, før teknologien seinare blei tatt i bruk ved det store anlegget på Rjukan.
Omnshus C er eit teglbygg som blei reist i samband med oppstarten av kunstgjødselproduksjon tidleg på 1900-talet. Omnshuset hadde 10 omnar som blei brukt til å framstille ammoniumnitrat til produksjon av kunstgjødsel. Huset blei bygd for å samanlikna Hydro-grunnleggjar Sam Eydes elektriske omnar med tyske Schönherr-omnar, før det blei bestemt kva omnar som skulle brukast på Rjukan. Etter kvart vart bygningen brukt til lager, verkstad og produksjon av forbrenningsomnar.
Bygningen er eit klassisk eksempel på industriarkitektur. Han er oppført i tegl med pussa sokkel, gesims og foring rundt vindauga.
Dei nye fugene er avslutta med pølsefuger slik det blei gjort opphaveleg. Foto: Frida McIntosh
Utfordringar og løysingar
Ved ei tidlegare rehabilitering har det vorte brukt sementmørtel i fugene i staden for den opphavelege kalkmørtelen. Sementmørtel er sterkare og tettare enn kalkmørtel. Bruken av sementmørtel førte til at kalkmørtelen under smuldra opp, og dei nye fugene løsna. På omnshus C har sementmørtelen blitt fjerna og erstatta med ny, diffusjonsopen kalkmørtel. Dei nye kalkfugene er avslutta med pølsefuger som gjenskapar det opphavelege uttrykket til bygningen. Pølsefuger er vanleg å finne på industribygg i teglstein frå tidlig 1900-tal. Fugene blir avslutta med eit fugejern som skapar ein bua profil på fugen. Dette blir kalla pølsefuger.
Gesimsen var utsett for frostskadar frå armeringa, og pussen hadde byrja å ramla ned. Laus puss har blitt fjerna, før gesimsen blei murt opp på nytt med opphavelege profilar. På dei pussa overflatene som framleis er i god stand, har nyare lag med måling blitt mekanisk fjerna før pussen blei rehabilitert med tradisjonelle metodar.
Læringspunkt
Det er viktig å vere merksam på kva type mørtel og puss som blir brukt når ein reparerer og vedlikeheld eldre murbygningar. Val av feil type mørtel kan føra til skadar på bygningen og kortare levetid på arbeidet.
Forfattar: Frida McIntosh, Riksantikvaren