Om prosjektet
Rekkverket var for lågt, og avstanden mellom balustrane for stor på marmortrappa i KODE. Dette vart løyst med ei glasplate langs trappa, dels på innsida, dels på utsida av rekkverket.
ADRESSE
Nordahl Bruns gate 9, Bergen
VERNESTATUS
Vern PBL
PROSJEKTET
KODE, Kunstmuseene i Bergen i samarbeid med Multiconsult.
KONTAKT
KODE, Kunstmuseene i Bergen.
Rekkverket er brukt i trappene og rundt atriumet. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Det opphavelege rekkverket er for lågt og hadde for stor avstand mellom balustrane sett opp mot dagens krav til tryggleik. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Historikk
Bygget som i dag blir kalla KODE 1 stod ferdig i 1896 som lokala for Vestlandske Kunstindustrimuseum. Det er teikna i nyrenessansestil av arkitekt Henry Bucher, og fekk tilnamnet Permanenten. Fasaden er utført i raud tegl og naturstein, og har ei dobbel granitt-trapp som leier opp til dei tidlegare inngangsdørene. Bygget har ein av dei viktigaste og mest monumentale fasadane mot byrommet der Byparken i Bergen ligg.
Glasrekkverket er festa med brakettar montert i golvet. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Utfordringar og løysingar
Marmortrappa er eit sentralt element i bygget. Det låge rekkverket var likevel ikkje sikkert eller brukarvennleg. Det er vanskeleg å tilføre noko nytt til eit element som har så tydeleg formspråk og materialitet, slik som marmorbalustrane i trappa. Løysinga vart eit nytt material, plassert parallelt med rekkverket for å unngå inngrep i marmoren. Glasrekkverket freistar å underordna seg det eksisterande rekkverket, og er fristilt ved å vere innfesta i golvet eit stykke unna.
I teknisk forskrift er det krav til rekkverkets høgde, klatrepotensial og avstand mellom vertikale element. Det kan dispenserast frå desse krava i verneverdige bygg, men særleg i areal med stor grad av offentleg bruk er ikkje dette ynskjeleg.
Læringspunkt
Når denne typen tiltak er nødvendig er det viktig å vurdere plasseringa nøye, slik at tillegget blir minst mogleg synleg og inntrykket av trappa blir teken vare på.