Klimatilpasning

Skjøtsel av kulturhistorisk landskap – Kystlynghei

Foto: Ove Stumo

Om prosjektet

Kystlyngheier er fleire tusen år gamle kulturmarkstyper. Klimaendringar aukar risiko for vill-brannar i slike område. Storbrannane i Flatanger og Frøya i 2014 gjorde store skadar på kystlynghei og bygg i området. Etter dette blei nettverket Lyngbrannreserven på Haugalandet oppretta.

Blomstrende lyng med vann i bakgrunn
Lynghei i blomstring. Foto: Atle Grimsby

Historikk

Kystlynghei finn ein langs kysten heilt frå nord i Portugal til Lofoten i Nord-Noreg. Denne naturtypen er forma gjennom 1000 år med skjøtsel som skogrydding, brann, slått og beite. Kystlynghei har vore viktig som beiteressurs og for honningproduksjon, i tillegg til at naturtypen har stor kulturhistorisk verdi.

Kystlynghei er ein sterkt truga naturtype. I løpet av dei siste 100 åra er 80% av kystlyngheiane i Europa borte. I Noreg reknar ein med at berre 20% av dei opphavelege kystlyngheiene blir skjøtta.

Kystlyngheia Høievassdraget i Rogaland er eit stort sammenhengande kystlyngheiområde som blir skjøtta for å ta vare på biologisk mangfald, økosystemtjenester og samstundes for å redusere risiko for ukontrollerte brannar som kan øydeleggje bebyggelse.

Utfordringar og løysingar

Eit resultat av klimaendringane er blant anna tørre vintre som gjev tørkeskadar på kystlyngheia og aukar risikoen for store lyngbrannar. Sidan fleire kystlyngheier ikkje blir skjøtta, gror lyngheiene igjen og uønska artar som Sitkagran spreiar seg. Eit varmare klima bidreg til å akselerere gjengroinga. Ei kystlynghei i gjengroing består av gammal, tørr lyng som er spesielt utsett for tørkeskadar. Difor er den særsklid lett antenneleg.

Lyngbrannreserven på Haugalandet består av 200 medlem som samarbeidar med grunneigarar om tiltak som beite med villsau, etablering av gjerde, skogrydding og gjennomføring av kontrollerte lyngbrannar.

Siden Lyngbrannreserven på Haugalandet starta restaureringa av kystlyngheia sør for Aksdal har gruppa skjøtta 15 000 mål, sett opp 20 km med gjerde, svidd av 9 000 mål og avskoga 4 000 mål. No er gruppa i gang med tilsvarande skjøtsel av 20 000 mål med kystlynghei nord for kommunesenteret.

I tillegg til å gjennomføre risikoreduserande tiltak, skal også gruppa hjelpe brannvesenet dersom vill-brannar oppstår. Gruppa arrangerar også lyng- og villbrannseminar der ein utveksler kunnskap. Det gjeld biologisk mangfald og informasjon om støtteordningar til skjøtsel og myndigheitene sine prioriteringar, samt deling av erfaringar med kontrollerte brannar i kystlynghei.

Eit breidt samarbeid med grunneigarar, ekspertar, myndigheiter og brannvesen har bidrege til å redusere risiko mot bebyggelse, naturverdiar og kulturhistoriske verdiar ved at høva ved kystlyngheia Høievassdraget no ikkje ligg like godt til rette for store og ukontrollerte brannar i ekstremår med tørke.

Læringspunkt

Innsatsen Lyngbrannreserven på Haugalandet har initiert har stor overføringsverdi til andre område der kystlynghei dekker store areal. Pionerprosjektet har potensial til å bidra til at også andre kulturlandskap blir sikra med tilsvarande skjøtsel.

Lignende eksempler