Klimatilpasning

Moglegheitsstudie for flaum- og skredsikring

Historisk sort hvitt bilde av flommen i 1938, elven i forgrunnen som grever seg inn mot kirkebakken.
Vågomo Vågomo kirke under flommen i 1938. Foto: Ansgar Brekke.

Om prosjektet

Vågåmo sentrum er eit av dei mest flaumutsatte stadene i Noreg og har fleire gongar hatt fleire alvorlige flaumar i både eldre og nyare tid. I 2021 satte Vågå kommune saman med NVE i gong ein moglegheitsstudie for å sjå på ein heilskapeleg sikring av Vågåmo sentrum mot dagens og framtidas klima.

ADRESSE
Vågåmo kommune, Innlandet

VERNESTATUS
Eksempelet omfattar fleire kulturminne med ulik vernestatus

PROSJEKTET
Vågåmo kommune i samarbeid med NVE

KONTAKT
NVE

Mer om prosjektet

Bilde viser oppbyggingen av flomverket langs elvebredden.

Flaumverket langs Finna Foto: NVE

Ein av tersklane som er etablert i Finna for å redusere hastigheita på vatnet og massetransport Foto: NVE

Historikk

Flaumverket i Finna er blant anna meint å sikre Vågåmo sentrum, inkludert Vågå kyrkje som er freda og mellomalderrkyrkjegarden. Bygging av flaumverket har ei lang historie, og tersklane i vassdraget er ein del av NVEs historiske testing av tekniske dimensjoneringskriterier for botn og elveskråningar i rennende vatn. Forbyggingsarbeid inngår i temaplanen «Kulturminner i vassdrag» og er statleg listeført.

Kart
Kartet syner flaumfare for Vågåmo sentrum Foto: NVE Atlas

Utfordringar og løysing

Finna har sitt opphav frå område utan regulering og renner med relativt stort fall gjennom Vågåmo og ut i hovudelva Otta. Det kan difor oppstå høg hastigheit på vatnet som leier til erosjon og at vatnet bryt gjennom dei eldre flaumverka. Elva har transporterer mykje massar som under storflaumer leier til redusert flaumavleiingskapasitet ved at massane avsetjast i elva. Det kan også leie til at elva tek nye løp. På grunn av massetransporten i vassdraget er store deler av området også utsett for jord- og flaumskred. Flaumskred er lausmasseskred med eit så stort vassinnhald at lausmassane byrjar å flyte omtrent som ein bekk eller ei elv.

Vågå kyrkjestad ligg i umiddelbar nærleik til Finna og er flaumutsatt når elva går over bredderne sine eller tek nye løp. Finna er flaumsikra og framstår i dag som ein kanal med flaumverk på begge sider og botnforsterking. Det har også etter tusenårsskiftet blitt utført eit relativt omfattande vedlikehald av tersklane og oppgradering av flaumverket. Eksisterande flaumverk i Finna har bidrege til å redusere risikoen for flaum i Vågåmo sentrum, men ifølge NVEs farekartleggingar er det likevel høve for ytterlegare sikringstiltak.

I 2021 sette Vågå kommune i samarbeid med NVE i gang ein moglegheitsstudie for å kartlegge alternative løysingar for å sikre Vågåmo mot flom- og skredhendingar i Otta, Finna og Nugga. Føremålet er å sikre heilskapen i sentrumsområdet til eit nivå som tilfredsstiller dagens byggetekniske føreskrifter. Dei føreslåtte tiltaka må vurderast opp mot dei kulturhistoriske verdiane Finna representerer, blant anna det historiske flaumverket.

Læringspunkt

I prosjekter som dette er det viktig at det gjerast heilskapelege vurderingar som bidreg til at nye tiltak i minst mogleg grad påverkar det historiske anlegget og dei kulturhistoriske verdiane i vassdraget takast vare på.

Lignende eksempler