Om prosjektet
Dei freda Skodjebruene hadde akselerert skadeutvikling på grunn av for stor belastning. I tillegg var bruene usett for auka klimapåkjenning med klimarelaterte skadar som frostskadar, overgroing og utlekking av fugemateriale på grunn av vanngjennomtrenging i konstruksjonen. Skodjebruene blei rehabilitert i 2012 og det historiske veganlegget er no opent som gang- og sykkelveg.
ADRESSE
Fv 661, Skodje i Ålesund kommune, Møre og Romsdal
VERNESTATUS
Vedtaksfreda
PROSJEKTET
Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Consolvo
KONTAKT
Hanne Gundersen
Arkivbilde av Skodjebruene. Foto: Riksantikvaren
Planlegginga av Skodjebruene blei utført med særsklid høg nøyaktigheit. Konstruksjonen var planlagt med eit godt system for å hindre inntrengning av vatn i konstruksjonen, innvendig drenering og ved at alle kvelvar hadde tette membraner. Kopi av originalteikning.
Historikk
Veganlegget over Skodjestraumen opna i 1921 og består av Skodjebruene, Storstraumen og Eggestraumen, samt ei mindre kvelvbru over Grøstraumen, ein vegparsell og ein 100 meter lang tunnel. Bruene var dimensjonert for hest og kjerre og anlegget blei teken ut av ordinær trafikk i 2004 for å fjerne trafikkbelastninga. Etter rehabiliteringa i 2012 opna den som gang og sykkelveg.
De to hovudbruene Stortraumen og Eggestraumen har hovudkvelv i naturstein og høvesvis 57 og 40 meter i spennvidde, med en seglingshøgde på om lag 11 og 9 meter ved vanleg høg vassføring. Over hovudbruene er det sparekvelv i teglstein.
Over alle kvelvane var det opphaveleg lagt eit beskyttande belegg kalla makadam. Generell slitasje og levetidsavgrensing leia til at denne ikkje lenger beskytta konstruksjonen mot gjennomtrengning av vatn. Fuktgjennomtrengning i konstruksjonen har leia til kalkutfelling. Over tid kan dette få effekt for konstruksjonen sin statiske verkemåte fordi kalkmørtelen gradvis vaskast ut. Foto: Per Austnes
Utfordringar og løysingar
Skodjebruene var utsett for fuktigheit i konstruksjonen og konsekvensane det fører med seg. Det var venta at eit endra klima vil føre til auka fuktbelastning. Ein kan førebygge uheldige konsekvensar av dette. Følgjande tiltak blei gjennomført på bruene:
• Berebogene blei frilagt, reingjort og fekk ny membran for å hindre gjennomtrengning av vatn
• Innvendige drenshòl blei rensa
• Skada teglstein blei bytta ut
• Generell reingjering ved å fjerne vegetasjon
Reparasjon av berebogane og innvendige drenshòl
Bruene var i utgangspunktet robust konstruert med tanke på vern mot vatn, med innvending opplegg for drenering og membran for å hindre at vatn skulle trenge gjennom sjølve konstruksjonen. Denne innvendige membranen nådde si funksjonstid etter 60-70 år, rundt 1980-1990, og har sidan gjort konstruksjonen meir sårbar for påkjenningar frå klima.
Vantnet trengde inn både gjennom konstruksjonen og som slagregn eller fukt fra sjøsprøyt. Dette resulterte i utlekking av materialar fra mørtelfugene og frostskadar på teglmurverket. Det var også risiko for at betongen inne i teglbogane kunne fryse i stykker.
Utskifting av skada stein
Det var nødvendig å skifte ut skada stein fordi den sug opp meir vatn enn uskada stein. Valg av riktig steinkvalitet var avgjerande for tiltaket. Teglsteinen si overflate er brent slik at den i liten grad sug vatn. Indre delar av steinene er meir porøs. Når først oppsprekking og avskalling av murstein har starta, vil difor fukt trenge raskare inn i konstruksjonen og skadeutviklinga akselererar. Skadane oppstår blant anna når fukt i konstruksjonen frys, som igjen leier til oppsprekking.
Reingjering og fjerning av vegetasjon
Reinhald er eit viktig tiltak for å halde vegetasjon nede og at det ikkje blir liggjande lag med nedknust materiale på brukvelvane som held på fuktigheit, som igjen aukar risikoen for frostskadar. Både teglsteinen og den indre sparebetongen kan vere utsatt for frostskadar.
Ved Skodjebruene er det konstruksjonen sin motstad mot klimapåkjenningar som er gjenoppretta. Indre drenssystem og membranar er fiksa og stein med frostskadar er bytta ut. Visuelt er kulturmiljøet i særskild liten grad påverka av dei nødvendige tiltaka.
Læringspunkt
Det er vesentleg at ein kartlegg alle faktorar som bidreg til skadeutvikling. I dette tilfellet var det avgjerande å gjenopprette konstruksjonen sine beskyttelsessystem med membran på dei murte kvelvane og rensing av drenssystemet.
Forfattar: Multiconsult