Om prosjektet
I samband med utbygging av eit leilegheitskompleks ved sida av den freda bensinstasjonen på Lillehammer, vart det sett krav om at kulturminnet skulle settast i stand. Med kravet følgde både rådgiving og økonomisk stønad frå fylkeskommunen, og resultatet vart ikkje berre istandsetting av bensinstasjonen, men òg integrering av nye funksjonar som kjem bebuarane til gode.
ADRESSE
Storgata 164, Lillehammer
VERNESTATUS
Vedtaksfreda
PROSJEKTET
Storgata 162 AS, Ø.M.F. Evensen & Evensen, RAM arkitektur, Norconsult
KONTAKT
Storgata 162 AS
Snart 100 år gammel bensinstasjon har igjen blitt en perle – Innlandet fylkeskommune
Bensin- og dieselpumper lik dei opphavlege er òg sett i stand og montert på nytt ved bensinstasjonen. Foto: Mikkel Marhaug, Innlandet fylkeskommune
Historikk
Bensinstasjonen Fagstadløkken på Lillehammer vart bygd i 1925. Arkitekten var Øivind Lande og bensinstasjonen vart utforma som eit lite tempel, i tråd med periodens nyklassisistiske stil.
Etter fyrste verdskrig auka bilsalet i Norge, og i 1920 var det 2500 bilar i Kristiania. Den fyrste bensinstasjonen vart bygd i 1922, på Grev Wedels plass i hovudstaden. Utforminga på bensinstasjonane varierte, frå enkle skur med ei pumpe, til meir forseggjord arkitektur. Klassisismen, og seinare funksjonalismen, var typisk for desse bygningane.
Den vesle bensinstasjonen på Lillehammer er eit tidleg eksempel på ein norsk bensinstasjon, og vart freda i 1995. På det tidspunktet var det ikkje mange att av desse gamle stasjonane, for med massebilismen endra behova seg og dei små bensinstasjonane vart sett på som umoderne.
Utfordringer og løsning
Fagstadløkken stod tom i mange år, før nye eigarar tok over i samband med planar om utbygging av leilegheiter rett sør for bensinstasjonen. Da var tilstanden dårleg og bygningen leid av eit stort vedlikehaldsetterslep.
Bygningen er utført i pussa tegl med kjellardel i betong. I fyrste etasje på gateplan er det ekspedisjonslokale og toalett med tilkomst frå utsida. Kjellaren under bygningen har fungert som smørjehall. Ved sida av denne ligg det ein garasje med vulkaniseringsverkstad. Dekket over denne fungerer som uteplass på sørsida av stasjonsbygningen.
I samband med utbyggingsprosjektet skulle bensinstasjon settast i stand. Innlandet fylkeskommune vart kopla på prosjektet tidleg, og bidrog med både rådgiving og økonomisk stønad.
På grunn av tilstanden til bygningen, vart istandsettinga omfattande. Teglsteinspipa måtte takast ned og murast opp att. I tillegg viste det seg at heile vulkaniseringsverkstaden måtte rivast og byggast opp att. Betongen var frostsprengt og i svært dårleg stand.
Betongarbeidet vart utført etter same prinsipp som opphavleg. Innvendig vart betongen støypt med forskalingsbord, slik at trestrukturen tydeleg er vist i overflata. Samtidig har ein gått varsamt fram og teke vare på det som var mogleg. Det er framleis spor etter bruksslitasje og levd liv i den over 100 år gamle bensinstasjonen.
I tillegg til den omfattande istandsettinga av bensinstasjonen, har det vorte grave ut ein 100 kvadratmeter stor ny kjellar i tilknyting til den gamle underetasjen til bensinstasjonen. I den nye kjellaren er det nå sykkelparkering for bebuarane i leilegheitsbygget. I tillegg er dei gamle verkstadsareala sett i stand slik at dei kan brukast som sykkelverkstad og smørjebu for bebuarane.
Læringspunkter
- Istandsetting av kulturminne som del av utbyggingsprosjekt
- Tett samarbeid mellom kulturarveininga i fylkeskommunen og dei involverte i prosjektet
- Istandsetting av tidleg bensinstasjon i tegl
- Utvida kjellar til sykkelparkering
- Opphavleg verkstadkjellar med ny bruk som sykkelverkstad og smørjebu