Istandsetting

Detaljane tel i Direktørgården

Foto: Trond Isaksen

Om prosjektet

Både tekniske og estetiske detaljar vart vesentleg forbetra da Direktørgården på Røros vart sett i stand. Samstundes var det i prosjektet fokus på å bygge handverkskompetanse lokalt ved å bruke lokale handverkarar, og arrangere handverkarkurs for delar av arbeidet.

ADRESSE
Direktørgården, Bergmannsgata 19, Røros

VERNESTATUS
Vedtaksfreda, kulturmiljø og verdsarv Røros bergstad

PROSJEKTET
Røros kommune, Riksantikvaren, Vel Bevart! v/Jon Brænne, siv.ark. Dag Nilsen, Rørosmuseet – Bygningsvernsenteret, byggmester Bjørn Kjetil Westum, blekkslagar Ivar Gynnild, HSW Bygg AS, snikkar Vaabo Vainomaa, Røros Malerservice

KONTAKT
Byantikvaren i Røros kommune

Direktørgården tronar sentralt i Bergmannsgata. Frå lufta kan ein sjå korleis den innebygde gesimstakrenna i tre er beslått med kopar. Foto: Trond Isaksen

Attendeføring av løysing for  takrenner og nedløpsrøyr var viktig både teknisk og estetisk. Foto: Trond Isaksen

Historikk

Direktørgården er blant dei staselegaste på Røros, med heile 32 meter lang gatefasade og utsmykka inngangsparti. Han er lafta i to etasjar, og har ei noko lågare sidefløy på nordsida. Taket er salforma og tekt med skifer. Ved sydgavlen er det ein overbyggd port. Fasaden mot Bergmannsgata er strengt symmetrisk, oppdelt av novkasser forma som pilastrar som ender i eit utskore bladkapitél under den svakt utkraga gesimsen. Portalen er forma i stram klassisisme. Overstykket på portalen har bergverket sitt emblem under ein girlander.

Den fyrste registrerte eigaren av Direktørgården var Peter Grue, som var bergverksbetjent ved Røros Kobberverk rundt slutten av 1600-talet. Hovudbygningen som står i Direktørgården i dag erstatta ein eldre bygning då han vart bygd rundt 1790 av dåverande eigar, Catharina Borchgrevink. Ho var dotter av direktør for Røros Kobberverk 1732-1772, Leonhard Christian Borchgrevink. To eldre kvelvkjellarar vart bygd inn i den nye bygningen. I arveskiftet frå 1805 står det at  i Catharina Borchgrevink si tid høyrde det ein urtehage til garden, med stakittgjerde rundt. I 1813 vart garden teken i bruk som direktørbustad for koparverket. Seinare har han vore brukt av høgare funksjonærar ved verket og som bustad for soknepresten.

Kommunen kjøpte garden i 1939, og i 1940 vart han freda. I 1946-50 vart hovudbygningen restaurert og attendeført til ein utsjånad nær den opphavlege, etter at han på slutten av 1890-tallet fekk sveitserstilseksteriør. Etter at restaureringa var ferdig i 1950 vart bygningen teken i bruk som rådhus, og fungerer framleis som dette.

Attendeføring av detaljar som trerekkverket har gitt garden eit estetisk løft. Foto: Trond Isaksen

Utfordringar og løysing

Etter mange år hadde Direktørgården ein del vedlikehaldsbehov, mellom anna på grunn av lekkasjar frå takrenner og nedløpsrøyr. I tillegg viste det seg at det var gjort einskilde mindre heldige grep da bygningen vart restaurert på 1940-talet. Mellom anna vart det etterisolert med karbamidskum mellom tømmerkasse og ytterkledning, noko som gir risiko for råte i tømmeret. I tillegg var kledningen oljegrunna før måling, noko som gir dårleg heft og fører til flasing av måling.

Det var behov for å gjere utbetringar på Direktørgården, og ein såg moglegheita til å gjere nokre fleire attendeføringar av dei dekorative detaljane på fasaden. Det var ønskjeleg å endre rekkverket på trappa og takrenneløysinga som ikkje var attendeført heilt riktig på 1940-talet. I dag har ein moglegheit til å få ut betre oppløysing av gamle foto på glasplater, noko som har gjort at det vart lettare å få ei riktigare tolking av detaljane.

Delar av arbeidet vart gjennomført som kurs for handverkarar for å bygge kompetanse lokalt. Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet og bachelorstudentar frå studiet Tradisjonelt bygghandverk ved NTNU undersøkte det originale panelet for å finne dimensjonar og profilar til det nye panelet. Etter dette kunne lokale handverkarar høvle nytt panel til bygningen.

Prosjektet har omfatta hovudfasaden mot gata og gavlveggen mot nordaust. Etter at gamalt panel og skum vart fjerna, vart det lagt ny trefiberisolasjon utanpå tømmeret der det var plass, opptil fem cm. Ved å ikkje legge meir enn dette, unngjekk ein å flytte vindauga ut, og endre mange av detaljane i fasaden. Før det vart lagt på nytt panel, vart veggane vindtetta.

Det var òg gjort ein del attendeføring av utvendige listverk, og utvendig dekor skore i tre blei sett i stand. Utvendig fargesetting var allereie dels ført attende, men òg her vart det gjort mindre justeringar.

No har eksteriøret på Direktørgården vorte ført attende til utsjånad nær det opphavlege, og med betre tekniske løysingar. Arbeidet vart gjennomført med bruk av tradisjonelle handverktøy og autentisk materialbruk, og med fokus på å bruke og bygge handverkskompetanse lokalt.

Læringspunkt

  • Istandsetting med fokus på å bygge handverkskompetanse lokalt, ved å bruke lokale handverkarar, og arrangere handverkarkurs for delar av arbeidet.
  • Nytte høvet til å få teknisk gode løysingar ved å kombinere tradisjonell materialbruk med mellom anna betre fuktsikring rundt takrenner, og etterisolering og vindtetting med diffusjonsopne material bak ny panel.
  • Attendeføring av heile detaljrikdomen løftar bygningen.

Direktørboligen i 1895, 1942, 1983 og 2022

Dette bildet er frå ca. 1894-96, og viser ein fasade med utforming nær den originale, kanskje berre med unntak av fargesettinga av portalen. Foto: Iver Olsen / Rørosmuseet
I 1942 har Direktørgården framleis sveitsarstilsutforminga som han fekk på slutten av 1890-talet. Dette ser vi særleg på vindauga, fargesetting og gesimsbandet under vindauga i andre etasje. Foto: Iver Olsen / Rørosmuseet
På dette bildet frå 1983 ser vi at bygningen i grove trekk har fått attendeført fasaden, men at noko manglar på detaljar som trapperekkverk og fargesetting. I tillegg veit vi no at dei tekniske løysingane bak kledningen ikkje var optimale. Foto: Espen Prøsch / Rørosmuseet
Direktørboligen på Røros i 2022, etter istandsettinga. Foto: Trond Isaksen

Lignende eksempler