Om prosjektet
Det gamle butikklokalet i den såkalte Bersetbua er interiørfreda. Butikklokalet hadde lenge stått tomt fordi lokalet var lite og vanskeleg å drive. Det var ønskjeleg å knyte lokalet til resten av bygget og den øvrige drifta. I samband med rehabiliteringa av Hotel Brosundet blei trappa som tidlegare gjekk opp til overetasjen snudd slik at butikken no har kontakt med restauranten og hotelldrifta i underetasjen. Løysinga har gjort den vesle butikken til ein integrert del av den daglege drifta på hotellet.
ADRESSE
Apotekergata 5, Ålesund
VERNESTATUS
Freda eksteriør og interiør
PROSJEKTET
Hotel Brosundet, Garde arkitekter
KONTAKT
Hotel Brosundet
Etter å ha stått tom i fleire år er butikken no open, både for hotellets gjester og forbipasserande i Ålesund sentrum. Foto: Aase Hogfeldt Eskevik, Riksantikvaren
Historikk
Det freda pakkhuset Bersetbua ligg i Apotekergata 5, og blei oppført i 1905, teikna av arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland. Som andre pakkhus langs Brosundet var det opprinneleg ein kombinasjon av forretningslokaler mot Apotekergata og varelager mot sjøsida. I 2016 blei det kjøpt av Hotel Brosundet, som allereie dreiv i nabobygget, eit pakkhus frå 1904, oppført etter bybrannen.
Butikkinteriøret har blitt malt med tradisjonell maling i historiske fargar. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Utfordringer og løsning
Det var viktig å halde det historiske interiøret som det var, samstundes var ein avhengig av å legge til rette for nokre nye løysingar. Løysinga blei å fjerne trappa som gjekk opp, og erstatta ho med ei trapp som leia ned til underetasjen. Den nye trappa har fått ein form som sklir godt inn i det historiske interiøret, samstundes som den ivaretek dagens tekniske krav til rømming.
Butikklokalet har framleis dei store vindauga ut mot gata. Ved å sjå det opphavelege interiøret i lokalet blir Ålesund styrka som historisk stad og gjer det interessant å bevege seg i området.
Før trappa blei etablert sto butikklokalet tomt. Den nye trappa knyter saman butikken og den øvrige hotelldriften. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Læringspunkter
Ved å koble ulike verksemdsfunksjonar saman kan ein skape aktivitet i lokaler der ein elles ikkje har moglegheit til å drifte dei på same måte som tidlegare. Opninga av den vesle butikken har også positive konsekvensar for bylivet utanfor.