
Kulturmiljøet
Kvartal 8 er ein nyklassisistisk bygard frå 1920-talet, og del av det verneverdige området kalla Torshovbyen. Bygarden er på folkemunne kjend som Frankrikegarden, og inneheld samla sett 180 leilegheiter.
Leilegheitane i bygarden var opphavleg arbeiderbustadar, og størrelsen på dei er prega av dette. Bebuarane ynskte seg eit «grendehus» som det var mogleg å halde selskap eller ha gjester i, samtidig som eit grendehus kan bidra til at barnefamiliar vert buande i staden for å måtte flytte til større bustadar ein annan stad.
Trafoen vart reist samtidig som bygarden, men eksteriøret vart delvis endra på 1930-tallet grunna brannfare.
Sjå meir informasjon om tiltaket i biletehjulet under
Eksempelet Trafoen i Kvartal 8 ved Thorshovbyen, Oslo
- Trafoen er eit godt eksempel på ny bruk, der opphavleg funksjon er fjerna for å nytte areala som eit fleirfunksjonelt grendehus for bebuarane i kvartal 8, Thorshovbyen.
- Treng du informasjon om tiltaket, ta kontakt med Byantikvaren i Oslo og ansvarleg arkitekt.
- Tiltakshavar var Obos Eiendomsutvikling As, Torshov Kv VIII borettslag
- Ansvarleg arkitekt: Haugen/Zohar Architects