
Kulturmiljøet
Forsvarsanlegget Akershus Festning er eit av landet sine viktigaste kulturminne, med bygningar og anlegg frå mellomalderen og fram til vår tid. Festninga har ein særleg posisjon som nasjonalmonument på grunn av plasseringa i hovedstaden og rik historie knytta til konge- og statsmakt.
Søndre Brohus vart oppført i år 1867-69, og var opphaveleg verdipapirlager for Finans- og tolldepartement. Utført av ingeniør Otto Fougner, som også har bygd tvillingbygninga – Nordre brohus, på andre sida av festningsporten. Denne bygninga vart brukt som frimerkelager.
Sjå meir informasjon om tiltaket i biletehjulet under
Eksempelet Toaletta i Søndre brohus – Akershus festning
- Toalettløysinga i Søndre brohus ved Akershus Festning er eit godt eksempel på korleis ein kan leggje til rette for ny bruk i eit freda forsvarsanlegg. Dette eksempelet viser gode tilpassingar gjennom førebiletleg oppføring av nye toalettfasilitetar som samsnakkar med bygningskonstruksjonen.
- Søndre brohus vart vedtaksfeda i 2014.
- Trenger du informasjon om tiltaket, ta kontakt med Forsvarsbygg ved Faggruppa for kulturminne.