Om prosjektet
Det har vorte betre trivsel for både folk og dyr på Steig i Sør-Fron etter at dei greidde å få inn ein mjølkerobot i driftsbygningen med murar frå 1700-talet. Det tok fleire omgangar med prosjektering før rasjonell produksjon samsvara med krav frå både Mattilsynet og fylkeskommunen. Resultatet er imponerande!
ADRESSE
Dålåstigen 481, Sør-Fron
VERNESTATUS
Regionalt verneverdig, rød SEFRAK
PROSJEKTET
Eigar, Fjøssystemer AS, Tine SA, Sør-Fron kommune, Innlandet fylkeskommune, Innovasjon Norge
KONTAKT
Steig Gardsdrift
Historikk
Steig er ein av dei eldste store gardane i Gudbrandsdalen, med ei lang og rik historie. Mellom anna er garden nemnd i tida til Olav Haraldsson, og Steig var kongsgard frå ca. 1100-1630. På garden er det svært mange arkeologiske funnstader, og det er i tillegg registrert ei tidlegare kyrkjetuft. Dei ståande bygningane i tunet i dag er i hovudsak frå 1700- og 1800-talet. Meir om gardshistoria kan du lesa her.
Driftsbygningen var i si tid noko så framtidsretta som ein einskapslåve bygd allereie i 1770, med høygolv, fjøs og gjødselkjellar praktisk innretta under kvarandre. Sjølve kufjøset og gjødselkjellaren er i kistemur. Trekonstruksjonen som utgjer låven over fjøset brann og vart bygd opp att rundt 1920, men muren er den same som i 1770.
Paret som driv garden i dag tok over i 2020. Du kan lesa meir om dei her.
Utfordringar og løysing
Kufjøset i driftsbygningen har vore i nær kontinuerleg bruk til mjølkeproduksjon sidan 1700-talet. Fleire justeringar har skjedd innvendig oppgjennom åra, medan den ytre bygningskroppen er lite endra. Innvendig hadde mellom anna dekket i kufjøset vorte støypt på i fleire omgangar, slik at takhøgda vart låg. Inntil nyleg var det lausdrift med mjølkegrav, som krev betjent mjølking to gongar dagleg. Da dei nye gardbrukarane tok over, ønskte dei eit fjøs med enklare drift og betre dyrevelferd, samstundes som dei ville ta vare på eksteriøret. Dette var òg ei føring kulturarveininga hjå fylkeskommunen hadde gitt.
Byggrådgivarane hjå Tine meinte fyrst at dei måtte utvide fjøset, men etter kvart fekk dei utarbeida ei løysing innanfor det eksisterande fjøset. Men hadde fjøset vore 1 meter smalare, hadde dei ikkje hatt nok plass til å få ei fornuftig løysing som samstundes ivaretek arealkrava for mjølkekyr.
Den nye løysinga i fjøset har mjølkerobot, som er gunstig både for dyretrivsel, produksjon og arbeidsinnsats. Golvet vart senka med 70 cm ved å pigge bort fleire lag med eldre påstøyp, og erstatta med spalteplank ned mot gjødselkjellaren. Innafor det same arealet som før, er kapasiteten i fjøset auka litt, frå 29 til 31 dyr. Alle krav med tanke på minstemål for dyreareal er oppfylte. Fôrsentralen er den einaste delen av bygningen som har vorte forsiktig utvida, slik at han nå fyller heile driftsbygningen si breidde, og fôret kan køyrast inn på bakkeplan. Her har det òg vorte plass til ein liten verkstad og tankrom.
Eigarane har fått økonomisk stønad til prosjektet frå Sør-Fron kommune i form av SMIL-middel, Innlandet fylkeskommune ved kulturarveininga, i tillegg til Innovasjon Norge. Stønaden gjer at prosjektet svara seg økonomisk samanlikna med om dei skulle ha bygd nytt.
Med den nye løysinga i fjøset er takhøgda betre, romma ljosare, lufta friskare, og dei eldste delane, nemleg dei tjukke murane, er viktige med tanke på å stabilisere temperaturen både sommar og vinter. For eigarane er arbeidet med mjølking og fôring vesentleg lettare, den nye innreiinga dempar støy betre enn den gamle, og trivselen er betre.
I bakgrunnen ser ein mjølkeroboten, der kyrne kan gå for å bli mjølka når dei vil. Foto: Josefine Westre, Riksantikvaren.
Ku-spa: til venstre i bildet ser du ei roterande børste som kyrne kan bruke som dei ønskjer. Foto: Josefine Westre, Riksantikvaren.
Læringspunkter
- Moderne mjølkeproduksjon er tilpassa inn i kufjøs frå 1700-talet, og oppfyller krav både frå Mattilsynet og fylkeskommunen.
- Stønad frå kommunen, fylkeskommunen og Innovasjon Norge gjorde prosjektet mogleg.
- Kombinasjonen av moderne utstyr i ein gamal bygning gir god trivsel for både folk og dyr, og kulturmiljøet på garden er ivareteke.
Både nytt og gammalt: I fôrsentralen er det kombinert både nye og sjølvproduserte materiale frå eigen skog, i tillegg til ei eldre trapp som vart bruk opp att. Katteluka er sjølvsagt på plass!. Foto: Trond Isaksen