
Kulturmiljøet
Kongsvinger festning ligg i åssida over Kongsvinger og har utsikt over byen og Glomma. Pilotprosjektet ved å etablere næring i festninga har fungert godt og Kongsvinger festning er no ein del av Festningshotellene. I nasjonal samanheng er festninga i Kongsvinger viktig, og er eit kompakt og godt bevart festningsanlegg meg høg antikvarisk verdi. Ved det freda festningsanlegget er ombygging- og restaureringsarbeida gjennomført med å leggje stor vekt på gamle handverksmessige teknikkar og nytte av opphavlege material.
Kommandantbustaden strekkjer seg over to etasjar og er oppført i år 1683. Bygninga er oppført i utmurt bindingsverk og laftverk, med utvendig panel. Bygninga var opphavleg bustad for festningskommandanten og har i seinare tid vorte nytta som møtelokaler for kommandanten. Etter restaureringsarbeider og moderniseringar er kommandantbustaden i dag nytta som restaurant med møtelokaler.
Sjå meir informasjon om tiltaket i biletehjulet under
Eksempelet Kommandantbustaden – Kongsvinger festning
- Kommandantbustaden ved Kongsvinger festning er eit godt eksempel på ny bruk og tilrettelegging for næring i eit freda forsvarsanlegg.
- Kongsvinger festning vart forskriftsfreda i 2009, og festninga var ferdig istandsett for ny bruk i 2013.
- Treng du informasjon om tiltaket, ta kontakt med Forsvarsbygg ved Faggruppa for kulturminne.
- Tiltakshavar ved prosjektet var Forsvarsbygg
- Ansvarleg arkitekt var Lerche Arkitekter AS, ved Cathrine Lerche