Istandsetting

Istandsetting av gamal årestove – Toskedalsstova på Velomstunet

Toskedalsstova på Velomstunet, Osterøy er eit godt eksempel på god gjenreising og istandsetting av ei automatisk freda årestove. Istandsettinga har heile vegen vorte leda av eigar og fylkeskommunen. Suksessfaktoren i dette prosjektet er at ein heile vegen har hatt fokus på god handverksmessig utføring og istandsetting etter antikvariske prinsipp. 

Bygninga var ei årestove, der laftestokkane vart felt vinteren 1595/96. Stova var plassert sentralt på tunet ved bruket Gnr./bnr. 28/3, på Osterøy i Vaksdal kommune. Omkring 1960 vart loftet demontert og lagra tørt, til Hordaland fylkeskommune engasjerte seg i dateringsarbeid i 2013. Stova har vorte reist att i nærleiken av sin opphavlege stad, og har gjennomgått istandsettingar. Loftet er tenkt å nyttast i undervisningssamanheng.  

Publisert: 24. november 2020 | Endret: 18. desember 2020

Toskedalstova, framsida av stova. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, visar korleis stova er plassert i forhold til resten av gardstunet. Foto: Trond. A Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, innvendig er årestova fortsatt under arbeid. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Sjå meir informasjon om tiltaka i biletekarusellen under

Eksempelet Toskedalsstova på Velomstunet, Osterøy

 

  • Toskedalsstova er eit godt eksempel på gjenreising og istandsetting av ei automatisk freda årestove.
  • Årestova er å finne på Velomstunet på Osterøy, i Vaksdal kommune.
  • Hordaland fylkeskommune engasjerte seg i dateringsarbeid ved stova i 2013, og det har sidan då vore istandsettingsarbeid ved stova.
  • Prosjektet er enno ikkje ferdigstilt. Jordgolv, oppmurt ovn og benker inne i stova skal arbeidast vidare med.
  • For meir informasjon om eksempelet: ta kontakt med Vestland Fylkeskommune ved seksjon for kulturarv.
  • Vestnorsk Kulturakademi har vore med i arbeidet med gjenreisinga og istandsettinga.
Toskedalstova, plasseringa av stova samsvarar godt med lanskapet i utkanten av gardstunet. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, den høgre veggen og baksida er kledd med panel for å verne tømmeret for vær. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, viser grunnmur lafteknutar og torvtak. Foto: Trond A. Isaksen, RIksantikvaren
Toskedalstova, framsida av stova. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, døra inn i stova er sett i stand med nytt tremateriale, og nye tverliggarar som bind dørbladet saman. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, Venstre side av stova Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, stova står på utkanten av gardstunet Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, nykledd vegg på stova Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, Baksida av stova er også kledd for å bevare tømmeret Bolig (211859-1) Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, detaljbilete av lafteknutar og tømmer Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, utskjerte merker i tømmeret Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, hoggemerker i tømmeret Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, innvendig er årestova fortsatt under arbeid. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Toskedalstova, Flotte omgjevnadar i Toskedalen, Osterøy. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren