
Kulturmiljøet
Rundt år 1900 var Balestrand i Sogn og Fjordane ein stadig meir populær plass for kunstnarar og turistar. Fleire av kunstnarane bygde seg eigne villaer, der dei budde og arbeidde om somrane. Mange av husa deira vart utforma i dragestil som i dag er eit typisk trekk ved arkitekturen i Balestrand.
Emma Normann Pastor sitt bidrag til bygda var ikkje berre av kulturhistorisk verdi, men bidrog også til reiselivsutviklinga i Balestrand. Dottera av Emma Normann Pastor, Helga Normann, tok over eigedomen etter mor si då ho døydde. Dei var begge kunstnarar og brukte eigedomen om somrane fram til midten på 1980-talet. Her arbeidde dei og selde arbeida sine til turistane som kom til Balestrand i sommarsesongen.
Sjå meir informasjon om tiltaket i biletehjulet under
Eksempelet Heimdalstrand Villa
- Heimdalstrand Villa er eit godt eksempel på korleis ein kan Istandsette og tilbakeføre ein dragestilsvilla av høg kulturhistorisk verdi.
- Bustaden vart nytta av den tyske målarinna Emma Nordmann Pastor og var sommarbustad frå den var reist i 1910 til ho døydde i 1954.
- i 2015 vart bustaden selt til private eigarar og har vore under istandsetting fram til 2020.
- For meir informasjon om tiltaket og kulturmiljøet: ta kontakt med Vestland Fylkeskommune, ved Arlen Bidne og Stig Nordrumshaugen.
- Restaurering av utvendig dekor: Kjell Arne Årseth
- Utvendige trapper hovudhus og stabbur/atelier: Henry Fanebust, Bosunt AS
- Arbeid på tredekor: Bart Lesaffre
- Arbeid på grunnmur: Haakon Aase
- Tømrarabeid: NorLam ved Asle Nordvik