
Kulturmiljøet
Bygninga var opprinneleg ein stor kinobygning reist i 1939-46, teikna av Ole Landmark i Art Deco-prega formspråk. Den vart nedlagt som kino i 2005 og selt til private. Mellombels freda i 2006 og varig freda i 2017. No vert bygninga nytta som kulturarena, for konsertar, konferansar, kurs med meir, og inngår i eit samanhengande bygningsmiljø på Danmarksplass med høg kulturminneverdi.
Sjå meir informasjon om tiltaka i biletekarusellen under
Eksempelet Forum Scene
- Forum Scene er eit godt eksempel på korleis sette i stand ein eldre kinobygning i tråd med det opphavlege formspråket bygninga hadde då ho vart reist.
- I 2019 var istandsettinga ferdig og stod klar for bruk.
- For meir informasjon om tiltaket og kulturmiljøet: ta kontakt med Vestland Fylkeskommune ved seksjon for kulturarv.
- Ansvarleg arkitekt : Arkitektstudio Elfrida Bull Bene AS
Utfordringa ved istandsettinga
Utfordringa ved denne istandsettinga var å byggje vidare på det opphavelege formspråket for planlegging og gjennomføring av istandsettinga. Det gjekk i stor grad ut på å finne gode løysingar på korleis ein kunne samanføye tilbakeføringar med moderne tilføyingar i næringslokale.
Prosjektet i heilskap
Heile bygninga er eit lappverk av endringer, reparasjoner, tillegg og fjerningar. Det har vorte gjort full renovering, tilpassing til ny bruk og enkelte tilbakeføringar. Det opphavlege formspråket er reindyrka og har vore utgangspunkt for nødvendige nye tillegg og innreiingselement.
Bilete viser eit godt førebilete på blikkenslagarbeid i fasaden på bygninga.
Istandsetting av overflater og elementer i eksteriøret
Veggflatene i eksteriøret er overmalt med ein lys farge som fungerer godt med gesimsprofilene i metall. Tidlegare var gesimsprofilane markert med ein tjukkare raud profil. No er gesimsprofilane meir i tråd med det opphavlege utrykket då bygninga vart reist.
Inngangsdør med overlysing
Døra og overlysinga er som opphavleg, men fungerer betre i fasaden no som heile bygninga har fått eit meir heilskapleg uttrykk. Glaset i overlysinga var for skjørt og gamalt, så dette måtte bytast ut.
Billettsal
Billettsalen har gått gjennom store endringar etter at den vart reist. Taket i billettsalen vart senka på 60-talet som eit av fleire grep for å modernisere bygget. Under istandsettinga vart det senka taket fjerna og interiøret til dels rehabilitert og sett i stand etter formspråket til arkitekt Ole Landmark.
Vestibyle
Vestibylen har også gått igjennom ei modernisering på eit tidspunkt, men det var ikkje gjort store endringar i konstruksjon. Einaste arbeid i konstruksjon var ei tidlegare utsparing for bar/kiosk i fondveggen, som vart tetta igjen.
For å betre dei akustiske forholda vart det lagt isolasjon og akustisk puss i øvre del av vestibylen. Vegger i stucco lustro vart rensa, og sprekkdanningar i pussen vart fylt i. Overflatene vart pussa og malt opp.
Det opphavlege glaset i overlysinga var eit enkelt glas. Det har ved fleire høve ramla ned glas i vestibylen. Alle glasfelt i overlysinga måtte skiftast ut til herda, laminert glas for å ta vare på sikkerheita.
Ein ny servicedisk/bar-element med skap bak vart utarbeida etter inspirasjon frå materialkombinasjonar i hovudsalen, arbeidet er gjort av Heggland Heiltre AS. Desse elementa er godt tilpassa den arkitektoniske stilen i bygninga.
Sitteplassar inn mot hovudsal
Benkene som er sett opp i vestibylen på veg inn mot hovudsalen var opphaveleg ein del av interiøret ved gamle Forum Kino. Benkene er restaurert og teke i bruk att. Dei passar godt i lag med formspråk og fargebruk i vestibylen.
Nye grep i hovudsalen som spelar godt med det eldre arkitektoniske formspråket
På 50-talet vart himlinga og sideplatene på veggen malt i mørkare fargar: Himlinga i mørke blånyansar og sideplatene i ein mørk raud farge. Under istandsettinga fant dei ein lys grønfarge under raudmalinga i sideplatene. Ut ifrå denne oppdaginga fekk sideplatene ein farge så nært den opphavlege lys grøne fargen. Himlinga vart også fargesett med lyse fargar så nært det opphavleg hadde vore. Med denne kombinasjonen har arkitekten fått fram den kontrasta og klarheita som er viktig for opplevinga av rommet, og som går att i den historiske dokumentasjonen frå Forum Kino.
Vidare vart også stolane skifta ut og ein valgte å leggje eit teppegolv over det gamle terasso-golvet på 90-talet. Dette fungerte mindre bra med det opphavlege Art-Deco formspråket.
Nye barar mellom søyler og teknikarstasjon er inspirert av materialkombinasjonar i salen og er utført av Heggland Heiltre AS.
Dei opphavlege vegglampane er framleis i bruk.
Under istandsettinga valde dei å sette inn nye stolar som passar betre inn i salen og tok vekk teppegolvet. Vidare vart det lagt eit horisonalt golv framfor scenen, dette er lagt oppå det opphavlege skrå golvet for å kunne tilpassast ny bruk og er eit reversibelt tiltak.
Nye seter i amfiet
Dei nye setene som er sett inn i amfiet følgjer salen sitt formspråk som hovudprinsipp. Setene har avrunda armlene og er av tremateriale som er inspirert av det mørke panelet i salen. Dette er eit godt og vesentleg grep som gjer at opplevinga av salen også inngår i det heilskaplege formspråket.
Nytt horisontalt golv
Det opphavlege golvet skrådde ned mot sceneområdet. For ein betre bruk av publikumsområdet og utviding av scena, vart det lagt eit nytt golv som er horisontalt stilt, over det eldre golvet. Tiltaket er reversibelt om ein i framtida vil nytte det opphavlege golvet.
Ny universelt utforma rampe
Eit av dei nye elementa i hovudsalen er ein universelt utforma rampe for å imøtekome tilrettelegging for universell utforming, slik at alle skal kunne delta i kulturtilbodene. Utforminga av rampa er eit godt førebilete, då den er godt tilpassa det øvrige interiøret og opplevinga av salen.
Opphaveleg panel
Det opphavelege panelet står godt saman med dei nye publikumssetene i amfiet. Dette panelet har vore veldig sentralt som inspirasjon til element i tre som er nytta i dei romma som er sett i stand ved Forum Scene.