
Kulturmiljøet
Bispestova er del av den vedtaksfreda prestegarden i Lavik, Høyanger kommune, i Vestland fylke. Prestegarden vart freda i 1992 og består av to bygningar: hovudbustaden og bispestova.
Som følgje av dei store vannskadane som vart oppdaga i 2011, og behovet for å avdekke skadeomfanget, har ein funne mykje ny kunnskap om stova. Opphavleg har dette vore ei stor sperrestove frå 1700-talet, som vart bygd om til lemstove truleg i 1804 (inskripsjon i bjelkelag på lemmen).
Bispestova stod ved sida av hovudbygningen på prestegarden i Lavik, fram til den vart tatt ut av bruk og flytt ned til elva på prestegarden i år 1935-36. Stova fekk då ny bruk som skulehus i ein periode. Seinare vart stova nytta som ein bustad for ein familie fram til slutten av 1970-talet. Etter dette stod stova lenge utan bruk, og til nedfalls før fylkeskommunen kom inn i biletet i 2011.
Sjå meir informasjon om tiltaket i biletehjulet under
Eksempelet Bispestova i Lavik
- Bispestova i Lavik, Høyanger kommune er eit godt eksempel på korleis ein kan istandsette og tilbakeføre ein bygning som inngår i eit vedtaksfreda anlegg. Freda i år 1992.
- Bispestova stod ubrukt i mange år før vannskadane vart oppdaga i 2011. Då vart ei venneforening danna for Bispestova, og dei har bidrege med mykje dugnad i istandsettingsarbeidet. No er det ei som driftar bygninga.
- For meir informasjon om tiltaket og kulturmiljøet: ta kontakt med Vestland Fylkeskommune, ved Arlen Bidne, eller med Bjarne Hellebø ved Venneforeninga til Lavik Bispestove.