

Kulturmiljøet
Restauranten Bien ligg med fasade mot Fjøsangerveien, ved Danmarks plass rett sør for Bergen sentrum. Fasadane rundt plassen vart utforma av arkitekt Ole Landmark i 1936, som murgardar i 4-5 etasjar med butikkar, kontor og bustadar. I eit av dei nyreiste husa vart apoteket Bien innreia i 1939, etter teikningar av arkitektane Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø. Dei dreiv eit felles arkitektkontor og var mellom dei fremste arkitektane i Bergen i mellomkrigstida.
Apoteklokalet vart freda i 1993, og ved fredinga vurderte Riksantikvaren apoteket Bien som eit karakteristisk døme på eit funksjonalistisk butikkinteriør og som det best bevarte apotekanlegget i Noreg frå sin periode.
Lokalet var i bruk som apotek fram til 2001. Etter det var det i nokre år dels kioskdrift, dels stod lokalet tomt. I 2006 vart det teke i bruk som serveringsstad og har sidan då vore i bruk som kafé, bar og restaurant. Namnet Bien er behalde i denne nye verksemda, som Bien Bar og no Bien Restaurant.
Sjå meir informasjon om tiltaket i biletehjulet under
Eksempelet Bien Apotek i Bergen
- Bien Restaurant er eit godt eksempel på ny bruk av eit vedtaksfreda apotek. Tilrettelegginga for ny bruk er gjort med små tilpassigar og reversible inngrep. Dei nye elementa byggjer på det opphavlege, funksjonalistiske formspråket, dermed er den arkitektoniske heilskapen ivareteke.
- Apoteket vart vedtaksfreda med interiør i 1993.
- Lokala har vore drifta som restaurant sidan 2006.
- Tiltakshavar Bien Bar AS, – medan NAF-gårdene AS var huseigar
- Kunsthistorikar Espen Stange – fagleg konsulent ved innreiinga til serveringsstad.
- Møbeldesignar Svein Petter Knudsen utforma borda. Stolane vart produsert av firmaet Kodreta furniture i Slovakia.
- For meir informasjon om tiltaket og kulturmiljøet: ta kontakt med Vestland Fylkeskommune ved seksjon for kulturarv.