Ny bruk

Bygging av yttergang i glas – Tinden handelsstad der brygga skulle verta kafè

Fiskebrygga på Tinden er eit godt eksempel på korleis ein kan sette inn eit klimaskille for å legge til rette for ny bruk og næringsverksemd, og samtidig bevare kulturminne. I brygga på Tinden handelsstad er klimaskille av glas sett opp i yttergang og ved rømningsveg. På denne måten kan ein ta vare på dei eldre dørene. Klimaskillet er utforma slik at opplevingsverdien i liten grad vert påverka fordi ein kan sjå og nytte dei eldre dørene. Løysinga er eit godt grep for å ta vare på kulturminnet, og samtidig leggje til rette for lokal næring og ta imot gjestar.

Handelsstaden har vore i drift som fiskevær frå ca. 1843 til ca. 1970, og var under istandsetting frå 2005 til 2020. Etter istandsettinga har fiskebrygga fått ny bruk som dokumentasjonssenter og kafé.

Publisert: 9. september 2020 | Endret: 18. desember 2020

Fiskebrygga ved Tinden handelsstad, 2019. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Tinden Handelstad sett frå båt, 2019. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Kulturmiljøet

Tinden handelsstad vart i 1994 vedtaksfreda av Riksantikvaren. Frå 2005 til 2020 har kulturmiljøet vorte varsamt sett i stand med stort omsyn for kulturmiljøverdiane. Formålet med dette eksempelet var å lage eit dokumentasjonssenter med kafé i fiskebrygga ved handelsstaden. Tinden handelsstad var nytta som fiskevær og handelsstad frå ca. 1843 til 1970. Etter dette har næringa retta seg meir mot turisme. Kulturmiljøet består av ein større bustadbygning av tre og to bygningar på fiskebrygga utforma som store naust. Handelsstaden har også fleire rorbuer av tre i kulturmiljøet.

Sjå meir informasjon om tiltaket i biletehjulet under

Eksempelet Tinden handelsstad og Fiskebrygga

 

  • Fiskebrygga på Tinden er eit godt eksempel på korleis ein kan nytte glas til å ta vare på kulturminne og samtidig legge til rette for ny bruk.
  • Handelsstaden har vore i drift som fiskevær frå ca. 1843 til ca. 1970.
  • Frå 2005 til 2020 har handelsstaden vore under istandsetting.
  • Fiskebrygga har gjennom istandsettinga fått ny bruk som dokumentasjonssenter og kafé.
  • For meir informasjon om tiltaket og kulturmiljøet: ta kontakt med Nordland Fylkeskommune, tenesteområde kulturminne, eller med Stiftelsen Tinden Handelssted.
Fiskebrygga ved Tinden handelsstad, 2019. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Fiskebrygga

 

Utfordringa var å kunne nytte fiskebrygga til dokumentasjonssenter og kafé samtidig som ein ikkje skulle gjere inngripande endringar i eksisterande konstruksjon. Det var viktig å ikkje bytte ut viktige eldre bygningsdelar som til dømes den gamle og utette yttergangen mot sjøen og ytterdøra i sida på bygninga som i dag er rømningsveg.

Undervegs i arbeidet med å lage kultursenter og kafe. Foto: Stiftelsen Tinden Handessted

Fiskebrygga var nytta som lager ei stund

 

Før stiftinga Tinden Handelsstad tok ansvar for handelsstaden vart fiskebrygga på Tinden nytta som lager. Under istandsetting av andre delar av kulturmiljøet på Tinden vart fiskebrygga nytta av snekkarar og handverkarar som arbeidsrom og lager.

Dokumentasjonssenter med kafe, ny bruk. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Vidareføre aktiviteten ved den gamle handelsstaden

 

Då istandsettinga av dei øvre delane av kulturmiljøet nærma seg ferdig, ønska ein å gjere om fiskebrygga til eit dokumentasjonssenter med kafé for tilreisande. Målet er å formidle historia og kulturmiljøet, og slik vidareføre aktiviteten ved den gamle handelsstaden.

Glassgang, innvendig. Foto: Stiftelsen Tinden Handelssted

Tekniske løysingar og materialbruk

 

For å kunne starte verksemda måtte stiftinga lage klimaskille i fiskebrygga slik at kafeen vart tørr og tett. Klimasskille ved yttergangen og ein annan opning i ytterveggen, vart gjort i glas. Det førte ikkje med seg større inngripande endringar av konstruksjonen.

Grepa som vart gjort i yttergangen og rømmingsvegen viser korleis ein kan nytte glas som materiale for å lage klimaskiller og samstundes ta vare på og formidle originale bygningselement. Yttergangen er nett utforma med ein boks i glas, som eit ekstra rom i rommet.

Rømmingsveg i glas. Foto: Stiftelsen Tinden Handelssted

Glas som vern og formidlingsgrep

 

Rømmingsvegen er laga på lik måte. Dei har nytta ei eksisterande dør i sida på bygningen og reist glas rundt denne innover i rommet. Med desse enkle grepa har ein på ein god måte klart å klimatisere opphaldsrommet og sameine formidlinga av bygningen.

Oppslag på veggen i kaféen, innreiing, Foto: Stiftelsen Tinden Handelssted

Innreiing

 

Kaféområdet er eit godt førebilete: handverkarane laga kopiar av klappborda frå rorbuene ved handelsstaden. Dette spelar godt saman med veggene der mykje av historia om staden vert presentert igjennom bilete og liknande oppslag.