By- og stedsutvikling

Gjennomført skilting betrar opplevinga av verdsarven

Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Om prosjektet

Verdsarven i Notodden og på Rjukan er eit stort og spreitt kulturmiljø med mange eigarar og forvaltarar. Ein  gjennomført skiltplan sørgjer for at historia om industrisamfunnet blir heilskapleg formidla.

ADRESSE
Notodden Rjukan

VERNESTATUS
UNESCO verdsarv

PROSJEKTET
Vestfold og Telemark fylkeskommune, Norsk industriarbeidermuseum (NIA)

KONTAKT
Norsk industriarbeidermuseum (NIA)

Meir om prosjektet

Skilta er plasserte slik at dei er lette å kjenne igjen på lang avstand. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren.

Dei frittståande skilta er utførte i foliert glas.  Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren

Historikk

Rjukan og Notodden er eit norsk verdsarvmiljø på UNESCO si verdsarvliste. Industriarven i Rjukan-Notodden syner avgjerande norsk teknologihistorie frå perioden rundt år 1900. Det vart bygd dammar, tunellar, røyrgater, kraftstasjonar, fabrikkområde, jernbane og ferjer.

Norsk Hydro hyra inn unge og lovande arkitektar i samtida for å teikne og planleggje dei to industribyane. Anlegget har høg arkitektonisk kvalitet og variasjon, frå store kraftverk til bustadområde for industriarbeidarar.

Utfordringar og løysingar

Verdsarvmiljøet i Rjukan og på Notodden strekk seg over eit stort og geografisk oppstykka område i to kommunar. Innanfor området er det definert nittisju historiske objekt. Verdsarvsenteret har to vitjingsstadar, eit i Rjukan og eit på Notodden, men det krev meir å formidle eit så omfattande og geografisk spreitt kulturmiljø. Norsk Industriarbeidermuseum tok difor initiativ til å utarbeide ein gjennomført skiltplan med ein tilhøyrande skiltmal. Den nye skiltinga gjer det mogleg for både innbyggjarar og vitjande å få vite meir når dei er rundt på dei ulike stadene i kulturmiljøet.

Skiltutforminga i Rjukan og på Notodden er basert på gamle Telemark fylkeskommune sin grafiske profil. Det er utvikla to skilttypar, eit frittståande skilt som formidlar den overordna historia om industriarven, og ein mindre fasadeplakett, som fortel om den einskilde bygningen plaketten heng på. Desse fasadeskilta er oval i forma og slektar slik på dei blå plakettane som fortel om lokal kulturhistorie på fasadar i heile landet. Dei ulike skilta utfyller kvarandre med informasjon på norsk, engelsk og tysk, og er kvalitetssikra av Norsk industriarbeidermuseum. Kvart skilt har også ein QR-kode, som gjer det mogleg å lese teksten i eit anna format. Malen kan brukast i dag når ein til dømes skal etablere nye vandreruter eller utstillingar i verdsarvområdet.

Skiltprosjektet er omfattande og har gått over fleire år. Det har blitt til takka vere godt samarbeid mellom musea, kommunane og eigarane av enkeltobjekt.

Utforminga, monteringa og produksjonen av teksten til skilta er organisert av Norsk industriarbeidermuseum. På denne måten sikrer ein at innhald og plassering blir gjort likt over heile anlegget. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Læringspunkt

Ein gjennomført skiltplan, med tilhøyrande skiltmal, gjer det er lettare å oppdage og oppsøke informasjon. Dette er ein effektiv måte å formidle historie på, og gjev samanheng i eit kulturmiljø som er spreitt på fleire stader i eit større område..

 

Forfattar: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Lignende eksempler