Om prosjektet
Da ny bruk skulle inn i den freda sjøbua til Foyngården i Tønsberg, var det naudsynt å gjera fleire tiltak for brannsikring. Ved å både gi og ta har ein fått ei løysing der brannsikkerheita er ivareteke, samstundes som bygningen sine viktige historiske verdiar framleis er intakte.
ADRESSE
Nedre Langgate 18, Tønsberg
VERNESTATUS
Vedtaksfreda
PROSJEKTET
KB Arkitekter, Vestfold fylkeskommune, Laft og Vøling, Enerhaugen Bygg, Bryn Byggklima, Terjesen, Moer og Norconsult
KONTAKT
Haabet AS
Rømmingsvegar: Det var naudsynt å bygge ei ny trapp i kontorlokala, mellom andre og tredje etasje. I tillegg vart ei eksisterande trapp tilpassa slik at ho også kunne nyttast som rømmingsveg. Foto: Trond Isaksen
Historikk
Dei eldste bygningsdelane i sjøbua er truleg frå midten av 1700-talet, medan bygningen vart utvida i breidda og høgda på 1800-talet. Opphavleg var sjøbua i ein etasje med ein open svalgang, som utgjorde ein bryggekant. Han var lafta, og låg med langsida langs ein poll som seinare er fylt att. I siste halvdel av 1800-talet vart det bygd på ein etasje og loft i reisverk. Bygningen er fundamentert som bolverk på flåte. Sjøbua er bygd i forlenginga av ein av uthusbygningane i Foyngården.
Utfordringar og løysing
Opphavleg var bygningen ein uisolert lagerbygning, som i dei seinare åra stod utan aktiv bruk. Eigaren ønskte å få inn ny bruk i bygningen for å skapa meir liv i anlegget og skaffe inntekter til framtidig vedlikehald. I tett dialog med fylkeskommunen vart det prosjektert ei løysing for kontor-, møte- og selskapslokale i den gamle sjøbua, mellom anna med utvendig etterisolering.
Funksjonar som dette utløyser mellom anna tekniske krav om brannsikring. Eigaren fekk utarbeidd eit brannkonsept med tilpassa løysingar, som seier korleis krava best kan oppfyllast i dette tilfellet.
For sikring av bygningen er det montert heildekkande sprinklaranlegg og direktevarsling til brannvesenet.
Med kontorplassar i både andre og tredje etasje, var det krav om mellom anna to rømmingsvegar. Ei eksisterande trapp vart dels brukt ved at ho mellom fyrste og andre etasje vart gjort slakare og sikrare å gå i, medan det mellom andre og tredje etasje vart bygd ei ny, frittståande trapp. Slik kunne delar av den gamle trappa bli teken vare på slik ho var. For å få ein rømmingsveg til, vart det bygd ei ny, funksjonell trapp i den andre enda av bygningen i tillegg. Den nye trappa vart lagt inntil den funksjonelle kjernen der òg toalett og tekniske føringar ligg i andre og tredje etasje. Frå andre etasje og ned på bakkeplan går trappa utvendig, for å ta minst mogleg av dei verneverdige interiøra (sjå bilete øvst i eksempelet).
For å forlenge rømmingstida i kontorlokala vart veggane måla med brannhemmande måling, og i golva vart det lagt brannskilje i form av mineralsk materiale.
Det var stor vilje både hjå eigaren og fylkeskommunen for få legge til rette for ein ny bruk av denne bygningen. Da var det naudsynt å gjera einskilde kompromiss, som etableringa av dei nye trappene. Resultatet er at ein har fylt bygningen med aktivitet, samstundes som mykje historisk karakter er teke vare på. Gjennom dialog har ein greidd å ivareta båe omsyna i så stor grad som mogleg, utan å gjera endringar som går vesentleg utover dei kulturhistoriske verdiane.
Læringspunkt
- I arbeid med verneverdige bygningar er det viktig å bruke ein brannrådgivar med spesialkompetanse, slik at ein kan få skreddarsydde løysingar der det trengs for å oppfylle krav i TEK17. Preaksepterte løysingar for brannsikring kan ikkje alltid brukast i desse bygningane.
- Kartlegging av verneverdiane i bygningen er viktig for å veta kva delar som toler inngrep, og kva delar som bør bevarast i størst mogleg grad.
- Tverrfagleg samarbeid mellom brannrådgjevarar, arkitektar og antikvarar gir betre resultat.